Betre rusta for omstilling

Regjeringa legg til rette for meir innovasjon og utvikling i næringslivet. I statsbudsjettet for 2017 styrkjar regjeringa satsinga på tiltak som gjer arbeid, aktivitet og omstilling.

– Innovasjon og utvikling er avgjerande for den omstillinga Noreg er inne i no. Derfor ønskjer vi å satse på næringsretta forsking og innovasjon, og leggje til rette for ordningar som får bedriftene til å forske meir, seier næringsminister Monica Mæland.

I 2017 vil regjeringa bruke til saman 7,6 milliardar kronar på næringsretta forsking og innovasjon. Det er ein auke på om lag 2,8 milliardar kronar, eller om lag 60 prosent, sidan regjeringa tiltredde i 2013. Pengane går til ordningar under Innovasjon Norge og Noregs Forskingsråd, samt Skattefunnordninga.

 – Regjeringa held fram den historisk sterke satsinga på forsking og innovasjon på om lag same nivå som i fjor, seier Mæland.

 Meir til marin forsking

– Skal vi sikre ny verdiskaping og omstilling av norsk økonomi må vi gripe sjansen og sørge for at vi er i kunnskapsfronten. Marine næringar har eit stort framtidspotensial, og forsking og utvikling er ein føresetnad for å realisere moglegheitene i havet, seier fiskeriminister Per Sandberg.

I statsbudsjettet for 2017 foreslår regjeringa også å auke løyvinga til marin forsking med 62,5 millionar kroner. Dermed har løyvingane til marin forsking auka med over 360 millionar kroner sidan regjeringa tiltredde i 2013.

Det blir også foreslått å løyve 972 millionar kroner til bygging av eit nytt isgåande forskingsfartøy som er planlagd ferdigstilt i 2017.

Næringslivet får nye testsenter

Næringslivet står ovanfor store og raske teknologiske endringar, derfor vil regjeringa bruke 50 millionar kroner på nye testsenter for næringslivet, såkalla katapult-senter.

– Mange verksemder har behov for å teste ut nye idear og løysingar i utviklingsarbeidet sitt. Betre høve for testing kan hjelpe fram nye industrielle suksessar, og gi norsk økonomi fleire bein å stå på, seier innovasjonsminister Monica Mæland.

 

Vil ha ein fornybar økonomi

Regjeringa er oppteken av å leggje til rette for ny næringsverksemd, og satsar på bioøkonomi. I statsbudsjettet for 2017 fremmer regjeringa forslag om 50 millionar kroner til bioøkonomitiltak gjennom Noregs Forskingsråd. Av desse pengane skal halvparten gå til forsking på meir effektiv og lønnsam utnytting av marine ressursar innanfor bioøkonomien.

– Noreg har god tilgang på fornybare biologiske ressursar, både i havet og på land. Vi kan nytta dei ressursane vi har på ein meir effektiv måte, men det er også eit stort potensial for nye artar. Ei satsing på bioøkonomi kan bidra til å utvikle heilt ny næringsverksemd, seier fiskeriminister Per Sandberg.

 

Digitalisering skal gjere det enklare for næringslivet

Regjeringa foreslår å gi 172 millionar kroner til eit nytt avansert datasystem for Brønnøysundregistra.

– Brønnøysundregistra skal vere ein drivkraft for digital kommunikasjon mellom bedriftene og det offentlege. Digitalisering gjer kvardagen enklare for bedriftene, slik at dei kan frigjere tid og ressursar, seier næringsminister Monica Mæland.