Bodø: Avinor skal vurdere nytten av å byggje ny lufthamn

- Det er eit lokalt ønskje at vi vurderer å bygge ny lufthamn i Bodø, når Forsvaret no avviklar sin aktivitet på dagens lufthamn. Eg vil difor be Avinor om å greie ut kva for ein meirverdi ein ny lufthamn med ein ny plassering vil ha, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Forsvaret skal avvikle aktiviteten sin på Bodø lufthamn, og Avinor tek over ansvaret for drifta. Lufthamna treng opprusting, og Bodø kommune har på vegne av fleire lokale aktørar bede Samferdselsdepartementet om å delta i eit samarbeid  for å flytte flyplassen.

Bodø kommune ønskjer å byggje lufthamna lengre sør på området til Forsvaret - slik at areal vert frigjort til byutvikling.

Samfunnsøkonomisk analyse – gevinstar og kostnader

- Eg kjem i nær framtid til å be Avinor om å gjennomføre ein samfunnsøkonomisk analyse av ein ny lufthamn i Bodø. Eg vil ha ein vurdering av gevinstar og kostnader ved å byggje ein ny flyplass i Bodø, samanlikna med å oppgradere den noverande flyplassen, seier samferdselsministeren.

Alle relevante moment skal inkluderast i arbeidet, både dei ein kan setje pris på og ikkje-prissette verknader. Analysen skal mellom anna ta omsyn til at dei to alternativa gir ulike moglegheiter når det gjeld byutvikling. 

Aktørar som blir omfatta av ei eventuell byggjing av ny lufthamn skal involverast i arbeidet med utgeiinga.

Spørsmålet om ny lufthamn skal omtalast i neste Nasjonal transportplan, som vert lagt fram våren 2017. 

Pressevakt: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)