Presseinformasjon

Colombia sin utanriksminister og leiaren for Farc til Noreg

Utanriksminister i Colombia Maria Ángela Holguín og leiar for Farc-geriljaen Rodrigo Londoño («Timoleón Jiménez») kjem til Oslo Forum 2017 som finn stad 13.-14. juni. Saman med utanriksminister Børge Brende vil dei delta i ein paneldiskusjon om fredsprosessen i Colombia 14. juni på Losby Gods.

- Eg ser fram til å ynskje utanriksministeren i Colombia og leiaren for Farc velkomne til Oslo Forum 2017 for å diskutere fredsavtalen partane inngjekk i fjor. Dette blir eit unikt høve til å dra lærdom av denne prosessen, ikkje berre for Noreg i vårt vidare fredsarbeid, men også for andre som jobbar for å oppnå det same, seier utanriksminister Børge Brende.

Eit halvt år etter at fredsavtalen vart signert, vil utanriksminister Børge Brende, i dialog med Colombias utanriksminister Maria Ángela Holguín og Farc-leiar Rodrigo Londoño («Timoleón Jiménez») diskutere korleis dei årelange forhandlingane resulterte i det som har blitt kalla ein «gullstandard» blant fredsavtalar og kva utfordringar ein står overfor i gjennomføringa av avtalen. Panelet «Colombia: Putting Peace into practice» finn stad onsdag 14. juni, same dag som Farc skal levere inn dei neste 30 prosent av handvåpna sine til FN. Besøket til Noreg er Farc-leiaren si første internasjonale reise utanfor regionen etter signeringa av fredsavtalen i fjor.

Utanriksdepartementet arrangerer også eit ope møte på Litteraturhuset torsdag 15. juni kl. 9-10.30 der utanriksminister Holguín, utanriksminister Brende og Farc-leiar Londoño deltek. Eigen presseinformasjon følgjer. Presse som ynskjer å delta må melde seg på e-post til guri.solberg@mfa.no