884 millionar kroner meir i frie inntekter til Rogaland neste år

Regjeringa legg 2,5 milliardar kroner på toppen av Solberg-regjeringa sitt forslag til vekst i frie inntekter for 2022. Dermed får kommunesektoren 4,5 milliardar kroner meir i frie inntekter neste år. – No sikrar vi ressursar og handlefridom til kommunesektoren slik at dei kan levere gode velferdstenester over heile landet, seier kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram.

Tabellen viser fordelinga av dei frie inntektene for kommunane i Rogaland og Rogaland fylkeskommune og den nominelle veksten frå 2021 til 2022. Veksten er rekna frå eit oppdatert anslag på dei frie inntektene i 2021. Anslaget inkluderer ei justering av skatteinntektene for kommunesektoren i 2021 på 5,9 milliardar kroner, samanlikna med anslaget på skatteinntekter i revidert nasjonalbudsjett 2021.

For å gjere inntektsnivået i 2021 samanliknbart med inntektsnivået i 2022, er det korrigert for oppgåveendringar, regelendringar og endringar i finansieringa av oppgåvene til kommunesektoren. Dei ekstraordinære løyvingane til kommunesektoren i 2021 i samband med virusutbrotet, er ikkje rekna med i inntektsnivået for 2021.

Utvikling og endring i befolkninga og endringar i skjønnstilskotet og dei regionalpolitiske tilskota, kan forklare mykje av variasjonen i veksten kommunar og fylkeskommunar imellom. For små kommunar kan mindre endringar gje store utslag i anslaget på vekst målt i prosent.

  Anslag på Vekst frå anslag Endring 
  frie på rekneskap 2021 - 2022 fra 
Kommune inntekter  Nominelle Prosent Prop. 1 S
  2022 kroner    
  (1000 kr) (1000 kr)   (1000 kr)
  1 2 3 4
         
1101 Eigersund 938 088 19 276 2,1 6 264
1103 Stavanger 9 009 840 192 297 2,2 48 251
1106 Haugesund 2 216 872 27 080 1,2 10 799
1108 Sandnes 4 858 281 138 230 2,9 25 770
1111 Sokndal 234 056 3 908 1,7 1 047
1112 Lund 218 038 4 858 2,3 2 453
1114 Bjerkreim 187 581 2 578 1,4 1 403
1119 Hå 1 165 671 34 984 3,1 6 846
1120 Klepp 1 182 234 30 726 2,7 6 703
1121 Time 1 154 820 31 382 2,8 6 776
1122 Gjesdal 746 686 20 652 2,8 4 489
1124 Sola 1 757 636 55 355 3,3 10 350
1127 Randaberg 710 027 16 278 2,3 3 179
1130 Strand 805 820 18 434 2,3 4 632
1133 Hjelmeland 204 085 3 770 1,9 2 083
1134 Suldal 291 858 8 850 3,1 4 394
1135 Sauda 325 252 4 913 1,5 2 816
1144 Kvitsøy  53 379 1 495 2,9 669
1145 Bokn 73 312 421 0,6 681
1146 Tysvær 731 101 23 225 3,3 5 392
1149 Karmøy 2 530 488 56 392 2,3 15 724
1151 Utsira 37 162 2 045 5,8 642
1160 Vindafjord 588 382 7 416 1,3 5 961
Til fordeling gjennom året 17 300      
Rogaland 30 037 968 704 568 2,4 172 925
         
Rogaland fylkeskommune 6 663 346 179 825 2,8 45 391

Første kolonne:
Viser overslag på kor mykje kvar kommune og fylkeskommune får i frie inntekter i 2022, målt i 1 000 kroner. Det blir gjort nokon endringar i tabell C pga. feil i berekning av kompensasjon for barnevern i Grønt hefte. Dette er ikkje teke omsyn til i tabellen her. Det kan også bli endringar i fordelinga av grunnskuletilskotet når ny statistikk ligg føre.

Andre kolonne:
Viser overslag på vekst frå anslag på rekneskap for 2021 til anslag for 2022 i statsbudsjettet, målt i nominelle kroner. Veksten er korrigert for endringar i oppgåvene til kommunane.

Tredje kolonne:
Viser den nominelle oppgåvekorrigerte veksten målt i prosent.

Fjerde kolonne:

Viser endringa i veksten i frie inntekter samanlikna med Solberg-regjeringa sitt budsjettforslag.