Historisk arkiv

Meir om framlegga i pengespelmeldinga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Reguleringsmodell og reguleringsform

Basert på ei totalvurdering tilrår Kulturdepartementet å vidareføre einerettsmodellen.

Kulturdepartementet vil utarbeide forslag til éi felles lov for lotteri, pengespel og totalisatorspel. Regjeringa vil samle ansvaret for heile pengespelpolitikken i Kulturdepartementet.

Det skal fastsetjast i forskrift kva spelkategoriar Norsk Tipping og Norsk Rikstoto skal kunne tilby. Lotteritilsynet får forskriftsbasert heimel til å godkjenne nye enkeltspel innanfor ramma av eksisterande spelkategoriar og å godkjenne tidsavgrensa pilotprosjekt i regi av einerettsaktørane. Sentrale, overordna reglar som er nødvendige for å førebyggje negative konsekvensar av pengespel, skal vere fastsette i forskrift. Norsk Tipping får myndigheit til å fastsetje detaljerte, utfyllande spelereglar.

Rollefordelinga mellom Kulturdepartementet og Lotteritilsynet skal reindyrkast og tydeleggjerast. Forvaltingsrolla som Lotteritilsynet har skal styrkjast. Departementet skal ikkje vere klageinstans i enkeltsaker.

Tiltak for å sikre ansvarleg spel

Det er eit mål at flest mogleg av spela hos Norsk Rikstoto skal skje registrert, på same måte som hos Norsk Tipping. Departementet ser likevel ingen grunn til å innføre krav om registrert spel for Flax-lodd per i dag.

Norsk Rikstoto og Norsk Tipping skal framleis fastsetje storleiken på eigne marknadsføringsbudsjett, men dei må kunne grunngi omfanget av marknadsføringa ut frå kanaliseringsomsyn.

Det skal framleis vere eit fast element i eigarstyringa av Norsk Tipping å følgje opp korleis selskapet har nådd måla om ansvarlege spel

Tiltak for å beskytte dei regulerte aktørane i den norske pengespelmarknaden

Departementet vil sende på høyring forslag om regelverksendringar som kan gjere forbodet mot betalingsformidling meir effektivt. Departementet vil greie ut om det er mogleg med særnorske tiltak mot pengespelreklame i TV-sendingar frå andre EØS-land. Parallelt vil ein arbeide for at det blir tatt inn eit eksplisitt unntak for pengespelreklame i AMT-direktivet.Departementet vil greie ut om det er mogleg å innføre «DNS-varsling» (varsel om at ei nettside ikkje er tillatt etter norsk rett) som informasjonstiltak for å avgrense spel hos uregulerte pengespelselskap på nett.

Krav til effektiv drift og fordeling av overskot frå pengespel til gode formål

Departementet skal framleis arbeide med å vidareutvikle målstyringa av Norsk Tipping for å sikre effektiv drift av selskapet.

Grasrotdelen bør vidareførast i tråd med gjeldande prinsipp for ordninga. Prosentsatsen skal aukast frå 5 til 7 prosent av spelinnsatsen. For spela Multix og Instaspill blir prosentsatsen auka frå 10 til 14 prosent av spelinnsatsen etter frådrag for gevinstar.

Ny modell for fordelinga av overskotet frå Norsk Tipping til humanitære og samfunnsnyttige organisasjonar

Dei tre beredskapsorganisasjonane Røde Kors, Redningsselskapet og Norsk Folkehjelp skal få ein fast årleg prosentdel som svarar til det kronebeløpet dei fekk i tilskot i 2015. Andre organisasjonar søkjer på like vilkår i tråd med kriteria for å delta i ordninga og dei avgrensingane som departementet har fastsett.

Reguleringa av bingomarknaden

Sosialt ansvar og omsynet til einerettsmodellen bør vere dei overordna måla for bingopolitikken. Ein skal òg leggje vekt på utbetaling til formål og varetaking av bingo som sosial møtestad. 30-sekundsregelen for databingo blir endra.Det blir opna for at spelarar kan delta i hovudspel i bingohallar via Internett. Fordelingsnøkkelen for Belago blir endra slik at delen til Norsk Tipping blir redusert frå 40 til 35 prosent, mens formålsdelen blir auka frå 25 til 30 prosent.