Historisk arkiv

Det frivillige kulturfeltet ynskjer tettare samarbeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Kulturdepartementet løyver 1 million kroner til eit pilotprosjekt for ein felles kulturparaply for dei nasjonale og frivillige kulturorganisasjonene.

Gruppebilde med statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag, generalsekretær i Norsk Musikkråd Magnar Bergo, generalsekretær i Norsk Amatørteaterforbund Helen Hansen, kulturminister Thorhild Widvey, generalsekretær i Noregs Ungdomslag Eli Ulvestad, generalsekretær i Frilynt Norge Frode Aleksander Rismyhr og  daglig leder i Studieforbundet kultur og tradisjon Kjærsti Evjen Gangsø.
Fra venstre: Statssekretær Bjørgulv Vinje Borgundvaag, generalsekretær i Norsk Musikkråd Magnar Bergo, generalsekretær i Norsk Amatørteaterforbund Helen Hansen, kulturminister Thorhild Widvey, generalsekretær i Noregs Ungdomslag Eli Ulvestad, generalsekretær i Frilynt Norge Frode Aleksander Rismyhr og daglig leder i Studieforbundet kultur og tradisjon Kjærsti Evjen Gangsø. Foto: Ketil Frøland/Kulturdepartementet

Organisasjonane Noregs Ungdomslag, Norsk musikkråd, Norsk amatørteaterforbund, Frilynt Norge og Studieforbundet kultur og tradisjon har allereie gått saman i Kulturalliansen, og ynskjer no eit nærare samarbeid på heile det frivillige kulturfeltet.

Aktørane vil kartlegge behova hjå det frivillige kulturfeltet med mål om å etablere ein paraplyorganisasjon med kompetanse for heile det breie amatørkulturfeltet, inkludert både teater, musikk, dans og andre kulturuttrykk.

- Her står fem aktørar i det frivillige kulturfeltet saman i ønsket om å starte ein felles organisasjon for feltet. Det viser både at det er behov for ein slik organisasjon, og at det er felles vilje til å få det til, seier kulturminister Thorhild Widvey.

- Organisasjonane viser evne til samhandling og dialog på tvers av kunstnarlege interesser, og har eit tydeleg ønske om det beste for heile feltet. Dermed er Kulturalliansen ein naturleg og kompetent aktør til å ta på seg både kartlegging, og eventuell etablering, av ein paraplyorganisasjon, seier kulturminister Widvey.  

Prosjektet vil ha brei involvering og forankring av dei frivillige organisasjonane. Om alt går etter planen skal den nye paraplyorganisasjonen etablerast i 2016/2017.