Historisk arkiv

Digitaliseringsministeren til Latvia

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Digitaliseringsministeren besøker Riga i Latvia 27. og 28. november og møter Latvia sin president og nordiske og baltiske digitaliseringsministrar. Statsråden deltek og på ein internasjonal konferanse om 5G.

Digitaliseringsminister Nikolai Astrup besøker Riga for å diskutere mål og ambisjonar for det nordisk-baltiske samarbeidet om digitalisering. Astrup deltar og på konferansen 5G Techritory. Media er velkomne til å delta på delar av programmet.

Onsdag 27. november

Desse møta er ikkje opne for media.

Torsdag 28. november

  • Statsråden deltek på konferansen 5G Techritory. Tema for konferansen er korleis byggje eit felles økosystem for utviklinga av 5G i den baltiske og nordiske regionen. Statsråden deltek i ein paneldiskusjon om tingas internett (Internet of Things), kunstig intelligens og 5G.
  • Stad: Hotel Radisson Blu Latvija, Elizabetes iela 55, Centra rajons, Riga.

Media er velkomne til å delta på konferansen.

Pressekontakt

Politisk rådgjevar Jenny Clemet von Tetzschner, mobiltlf. +47 918 80 164

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00