Historisk arkiv

"Drill & Split" på Follobanen: Ny teknologi for tunnelboring tatt i bruk for fyrste gong i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Å sikre effektiv tunnelboring og samstundes ta omsyn til folk og miljø rundt sjølve infrastrukturprosjektet, er ein god kombinasjon. "Drill & split-teknologien" gjer det mogleg å få til dette. Med dei omfattande tunnelarbeida på Follobanen i åra framover, er det svært positivt at metoden blir nytta her, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Starten for tunnelboringa på Oslo-sida av Follobanen blei markert torsdag. Med "drill & split" –metoden blir det gjennomført ei mekanisk bryting av fjell for å oppnå ei ekstra skånsam tunnelbygging. For fyrste gong blir metoden tatt i bruk i Noreg. På oppdrag frå Jernbaneverket skal den italienske entreprenøren Condotte som utføre dette arbeidet på Oslo-sida av Follobanen.

Urban tunnelboring utan sprengstoff
"Drill & split"-teknologi ved tunnelboring i urbane strøk er føremålstenleg. I byområda er det gjerne trongt om plassen. Ny infrastruktur må tilpasse seg mellom anna eksisterande vegar, jernbaneliner, kloakktunnelar og oljelagre. I byområda er det òg naudsynt å ta omsyn til alle dei som bur i kring anleggsprosjekta.

For Jernbaneverket er det viktig å gjere ulempene for folk og miljø så små som mogleg. Drivemetoden "drill & split" gir generelt mindre støy enn tradisjonell tunneldriving med sprengstoff. Noko risting kan det bli, sjølv om sprengstoff ikkje blir nytta i denne delen av utbygginga.

Follobanen vil spele ei sentral rolle for pendlarar mellom Oslo og Østfold
- Regjeringa er oppteken av å styrkje norsk jernbane. Med den venta folkeauken og transportbehovet som følgjer, må jernbanen ta unna ein mykje større del av persontransporten i Oslo-området enn i dag. Follobanen mellom Oslo er heilt naudsynt for å oppnå dette. Det nye dobbeltsporet mellom Oslo og Ski kjem til å spele ei viktig rolle for pendlarar mellom Oslo-området og Østfold, seier samferdselsministeren.

 

På bildet: Samferdselsministeren igangsatte tunnelboring fra Oslo-siden med metoden Drill & Split. Her med en av entreprenør Condottes spesialister på metoden, Elca Romano. (Foto Jernbaneverket)

For meir informasjon – ta kontakt via:

  • Pressevakta i Samferdselsdepartementet, tlf.: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)