E39 Skei i Jølster – Ålesund: Stor interesse for møte og synfaring i Nordfjord og på Sunnmøre

- Eg håpar at vi i løpet våren 2014 skal avgjere val av hovudtrasé for vidare planlegging av E39 på strekninga Skei i Jølster – Ålesund, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

- Eg håpar at vi i løpet våren 2014 skal avgjere val av hovudtrasé for vidare planlegging av E39 på strekninga Skei i Jølster – Ålesund.

Dette seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen, som i dagane 13. – 14. januar er på synfaring og gjennomfører møte med lokale styresmakter og vegselskap i Nordfjord og på Sunnmøre.

Besøket har samanheng med at Samferdselsdepartementet skal ta stilling til val av hovudtrasé for vidare planlegging av E39.

Ved eit møte i Ørsta i går kveld fekk representantar for  Sogn og Fjordane fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, fire vegselskap og elleve kommunar i Nordfjord og på Sunnmøre, leggje fram sine argument og synspunkt i saka.  Ved møtet var det meir enn 100 deltakarar.

I dag er samferdselsministeren på synfaring på Sunnmøre og i Nordfjord for å bli nærmare orientert om ulike alternativ og løysingar for E39.

- Dette er ei stor sak, og eg glad for at så mange engasjerer seg så sterkt. Eit breitt og grundig offentleg ordskifte er med på å få fram opplysningar og synspunkt som det er viktig å ta omsyn når saka skal avgjerast, seier samferdselsministeren.