Historisk arkiv

E6 i Akershus og Hedmark: 23 kilometer firefelts veg ferdig i 2009

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Arbeidet med utbygging av firefelts veg på dei to E6-strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal i Akershus og Skaberud – Kolomoen i Hedmark kan ta til ved årsskiftet 2007/2008, og skal vere ferdig i løpet av 2009.

- Arbeidet med utbygging av firefelts veg på dei to E6-strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal i Akershus  og Skaberud – Kolomoen i Hedmark kan ta til ved årsskiftet 2007/2008, og skal vere ferdig i løpet av 2009.

- Utbygginga av desse to strekningane, på til saman 23 kilometer, vil føre til vesentleg lågare ulykkesrisiko og betre flyt i trafikken på E6 nord for Gardermoen. E6 mellom Gardermoen og Kolomoen har stor trafikk og mange og alvorlege ulukker. Det er difor viktig å kome i gang med utbygging til firefelts veg så snart som mogleg.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er gjort framlegg om utbygging og finansiering av to delstrekningar på E6 mellom Gardermoen og Kolomoen.

Desse to strekningane er delar av det samla prosjektet med utbygging av firefelts veg på den 66 kilometer lange E6-strekninga Gardermoen – Kolomoen. Prosjektet går frå Hovinmoen ved Gardermoen i Ullensaker, gjennom Eidsvoll kommune til fylkesgrensa mellom Akershus og Hedmark og vidare til Kolomoen i Hedmark. Strekninga Hovinmoen – Dal er 11 kilometer lang, medan strekninga Skaberud – Kolomoen er 12 kilometer lang.

Dei samla kostnadene for utbygging av dei to delstrekningane er om lag 1 230 millionar kroner.

I tråd med lokale ønske og vedtak skal utbygginga av dei to delstrekningane, til liks med heile prosjektet Gardermoen – Kolomoen,  finansierast ved ein kombinasjon av løyvingar over statsbudsjettet og bompengar.

I forslaget frå regjeringa blir det vist til E6 Gardermoen – Kolomoen skal handsamast som eitt prosjekt. – Så langt i planprosessen er det kome fram store sprik i synet på  aktuelle løysingar for E6 langs Mjøsa. Det ligg difor ikkje føre tilstrekkelege avklaringar til at eit endeleg forslag til finansieringsopplegg kan leggjast fram no.

Samferdselsdepartementet vil kome attende til Stortinget med endeleg opplegg for utbygging og finansiering av dei attståande strekningane på E6 mellom Gardermolen og Kolomoen, så snart det ligg føre tilstrekkelege avklaringar, går det fram av forslaget frå regjeringa.

Til redaksjonen
Kartskisse og fleire opplysningar – sjå:  St.prp. nr. 87 (2006 – 2007) Om utbygging og finansiering av E6 på strekningane Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark