Historisk arkiv

E6 nord for Gardermoen har fått nytt dekke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Å betre vegane i Noreg består av mange ulike former for arbeid. På E6 nord for Gardermoen er no det gamle betongdekket bytta ut med asfalt. I tillegg er utskiftinga ferdig seks veker før tida og 30 prosent rimelegare enn anteke. Det er gode nyhende for bilistane, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Tidleg måndag morgon gjenopna E6 nord for Gardermoen. Statssekretær John-Ragnar Aarset (H) deltok frå politisk leiing i Samferdselsdepartementet.

Denne hausten opnar mange kilometer med nybygd veg over heile Noreg. Samstundes arbeidar Statens vegvesen med ei rekke mindre utbetrings- og vedlikehaldsprosjekt.

- Det er viktig å sjå heilskapen i det vi gjer på norske vegar. Det er ikkje alltid slik at ny veg er løysinga. Utbetringar, fornyingar og vedlikehaldsarbeid er vel så viktig mange stader, seier samferdselsministeren.

Fjerna 33 000 tonn betong

På E6 nord for Gardermoen har betongelementa lagt sidan 1989. Dei er no bytta ut med vanleg asfalt.

- Eg trur mange har syntest den jernbaneliknande dunkinga om stunder har vore litt irriterande. Dette er et godt døme på korleis utbetring av eksisterande veg kan følast som å få ein ny veg. Eg gler meg til å ta han i bruk, seier Hareide.

Peab har gjennomført arbeidet og har fjerna 33 000 tonn betong. Prosjektet skulle koste 202 millionar kroner, men endar opp 60 millionar kroner billegare.

Sjå pressemelding frå Statens vegvesen òg.