Historisk arkiv

Ein desentralisert lufthamnstruktur skal oppretthaldast

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Både kortbanenettet og stamnettlufthamnene er ein viktig del av transportinfrastrukturen i Noreg, og regjeringa ønskjer å sikre eit flyplassnett som gir eit godt flytilbod i heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (15.12.06)

Pressemelding

Nr.: 122/06
Dato: 15.12.06

Ein desentralisert lufthamnstruktur skal oppretthaldast

- Både kortbanenettet og stamnettlufthamnene er ein viktig del av transportinfrastrukturen i Noreg, og regjeringa ønskjer å sikre eit flyplassnett som gir eit godt flytilbod i heile landet. Avinor sine inntekter frå lufthamner som går med overskot er med på å dekkje drifta av bedriftsøkonomiske ulønsame flyplassar. Denne ordninga er eit viktig verkemiddel i ein solidarisk luftfartspolitikk for heile landet. Regjeringa går difor inn for at ordninga skal vidareførast.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i statsråd i dag er lagd fram ei stortingsmelding om verksemda til Avinor.

Stortingsmeldinga om verksemda i Avinor dannar grunnlag for staten si eigarstyring av selskapet. Formålet med meldinga er å orientere Stortinget om utviklinga i selskapet og ta for seg hovudutfordringar, planar og strategiar for Avinor i dei neste åra.

Luftfarten, og særleg innanlands flytrafikk, spelar ei viktigare rolle i transportmønsteret i Noreg enn i dei fleste europeiske land. Årsaka til dette er store avstandar og ein utfordrande topografi. Noreg har òg i større grad enn mange andre land, ein desentralisert næringsstruktur og spreidd busetnad. Eit finmaska nett av flyplassar i heile landet er med på å sikre rask og effektiv transport innanlands. Dette reduserer ulemper knytt til avstand og styrkjer sysselsetting og busetting i alle delar av landet. Med ei plassering i utkanten av Europa og med ein eksportretta økonomi, er det òg viktig at Noreg har gode flysamband til og frå utlandet.

Avinor skal leggje forholda til rette for ein sikker, miljøvennleg og effektiv luftfart i alle delar av landet. Avinor har ansvar for å planleggje, byggje ut og drive eit samla lufthamnnett, med 46 statlege lufthamner rundt om i Noreg. Avinor leverer òg flysikringstenester til sivil og militær luftfart, det vil seie kontrolltårn på lufthamnene, kontrollsentralar og teknisk utstyr for flynavigasjon.

For å ta best mogleg vare på omsynet til samfunnet og særleg flytryggleiken, har Samferdselsdepartementet vurdert den interne organiseringa i Avinor og kva form for tilknyting selskapet skal ha til staten. Vurderinga viser at flytryggleiken er godt ivareteken innanfor den organiseringa av Avinor har i dag og med den tilknyting selskapet har til staten.

I stortingsmeldinga går regjeringa difor inn for at Avinor skal halde fram som eitt selskap med ansvar for både drift av lufthamnene og flysikringstenesta. Avinor vil òg halde fram som eit fullt ut statleg aksjeselskap under Samferdselsdepartementet.

Avinor er inne i ein periode med trafikkvekst og positiv økonomisk utvikling. Samferdselsdepartementet har difor sett ned takstane til Avinor i 2005 og 2006, og det har ikkje vore naudsynt med statleg kjøp av lufthamntenester i 2006 eller i 2007. Ordninga med at Avinor subsidierer dei bedriftsøkonomiske ulønsame lufthamnene med overskot frå dei lønsame lufthamnene vil halde fram. Samferdselsdepartementet ser i utgangspunktet ikkje behov for å kjøpe lufthamntenester frå Avinor i dei nærmaste åra, men sidan luftfarten er ei omskifteleg næring, vil behovet for kjøp verte vurdert i samband med dei årlege budsjettprosessane.

Den nye forskrifta om utforming av store flyplassar vil betre tryggleiken på norske flyplassar. Tiltak knytt til forskrifta vil dei nærmaste åra krevje investeringar på nærare 1,7 milliardar kroner på dei 25 kortbaneflyplassane i Avinor. Forskrifta vil òg krevje investeringar på dei andre av Avinor sine lufthamner. Avinor vil òg arbeide med fleire andre prosjekt som vil medverke til å auke tryggleiken og kapasiteten i norsk luftrom dei neste åra. Dette gjeld nytt system for innflyging for Austlandet, utskifting av systemet for flykontroll, utbygging av nye radarar og etablering av kontrollert luftrom på delar av norsk kontinentalsokkel.

I tillegg til desse investeringane knytt til tryggleik, vil Avinor investere betydelege beløp på lufthamnene i dei nærmaste åra. Nokre viktige prosjekt er utbygging av terminalbygget ved Stavanger lufthamn, Sola og system for bagasjehandtering på Oslo lufthamn Gardermoen.

Samferdselsdepartementet legg opp til å vidareføre utbyttepolitikken for Avinor i tråd med forslaget til statsbudsjett for 2007. Dette inneber at utbytte vil bli fastsett på grunnlag av staten si innlånsrente multiplisert med den berekna marknadsverdien av eigenkapitalen i konsernet. Utbyttet skal likevel ikkje utgjere meir enn 75 prosent av overskottet i konsernet etter skatt.

Samferdselsdepartementet er oppteke av at selskapet og styret kan gjennomføre investeringar som sikrar ei langsiktig og god utvikling av selskapet og som gjer at selskapet kan ivareta samfunns- og sektoroppgåvene, går det fram av stortingsmeldinga.

Ei oppdatert verdivurdering av Avinor gir ein marknadsmessig verdi av eigenkapitalen i selskapet på 8,3 milliardar kroner. Kravet til avkastning er sett til 9,70 prosent av eigenkapitalen og 6,45 prosent av totalkapitalen. Kravet til avkastning vil bli sett i lys av at Avinor er pålagt å gjere investeringar som ikkje er bedriftsøkonomisk lønnsame.

---------------------------------------

Til redaksjonen:

For meir informasjon, sjå:
 
St.meld. nr. 15 (2006 - 2007) Om verksemda i Avinor 2006-2008

Utrykte vedlegg:
 
Evaluering av Avinors organisering og tilknytningsform Rapport fra en intern arbeidsgruppe i Samferdselsdepartementet, oktober 2006