Ein milliard for å hindre plastforureining

– Plastforureining er eit av dei raskast veksande miljøproblema i verda. No vidarefører vi innsatsen for å få bukt med plastforureining i utviklingsland, med opptil ein milliard kroner over fire år, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Plastforureining finst overalt i naturen, til og med i menneskekroppen. Kvart år blir over 110 millionar tonn plastavfall uforsvarleg handtert i verda. Plastforureining er skadeleg for dyrelivet, økosystema og utnyttinga av levande ressursar i hava. Det påverkar òg menneskes helse og livskvalitet negativt, og rammar særleg dei fattigaste.

– Om det ikkje blir gjort noko no, vil plastforureining doblast dei neste tjue åra. Det vi bidreg med no vil vere med på å få bukt med dette, seier Tvinnereim.

Noreg er ein av dei største givarane

Den nye støtta er ei vidareføring av bistandsprogrammet mot plastforureining som blei etablert i 2019. Gjennom dette programmet er Noreg ein av dei største givarane til tiltak mot plastforureining.

Ein gjennomgang har vist at programmet har bidrege til å forhindre og redusere plastforureining i utviklingsland. Programmet skal halde fram denne innsatsen. Det skal til dømes bidra til å styrkje reguleringa i ulike land og engasjere privat næringsliv til å utvikle gode løysingar. Målet er meir berekraftig produksjon og forbruk av sirkulære produkt og tenester, og betre avfallshandtering og rydding av kystsoner og elvar. Programmet skal bidra til å oppnå FNs berekraftsmål 14.1 om å redusere marin forureining.

Internasjonal avtale mot plastforureining

Noreg arbeider for ein ambisiøs global avtale mot plastforureining og er ein av leiarane for ei gruppe land som har særleg høge ambisjonar for forhandlingane. Vedtaket om å starte forhandlingane om ein internasjonal avtale mot plastforureining markerer eit historisk skilje i det internasjonale arbeidet mot plastforureining. Forhandlingane går no føre seg, med mål om å semjast i november. 

– Ein effektiv internasjonal rettsleg bindande avtale kan redusere plastforureining med 90 prosent innan 2040, og er heilt vesentleg for ein overgang til ein sirkulær plastøkonomi. Det vil vere eit stort behov for finreknering for å gjennomføre avtalen. Særleg i fattige land. Det nye bidraget vårt vil vere eit viktig tiltak òg i denne samanhengen, seier Tvinnereim.