Einigheit om lønnsoppgjeret i staten

18 timar på overtid kom staten og hovudsamanslutningane LO, Akademikerne, Unio og YS til einigheit om lønnsoppgjeret. Dermed blir det ikkje streik blant staten sine meir enn 166 000 tilsette.

F.v. Gisle Norheim, Statens personaldirektør, Pål N. Arnesen, YS , Guro Lind, Unio stat, Kari Tønnessen Nordli, Akademikerne stat, Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister og Egil André Aas, LO Stat Foto: KDD
F.v. Gisle Norheim, Statens personaldirektør, Pål N. Arnesen, YS , Guro Lind, Unio stat, Kari Tønnessen Nordli, Akademikerne stat, Sigbjørn Gjelsvik, kommunal- og distriktsminister og Egil André Aas, LO Stat Foto: KDD

Eg er veldig glad for at vi er blitt einige med partane i lønnsoppgjeret i staten, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Brød og mjølk er like dyrt for ein som tener 350 000 som for ein som tener ein million. Derfor er eg glad for at vi fått på plass ein låglønsprofil i avtalen med LO og YS. Dette er ekstra viktig i eit år der vi opplev ein ekstraordinær prisvekst, seier Gjelsvik.

I avtalen med LO og YS har partane óg blitt einige om ein likelønsprofil.

Partane blei ikkje einige i forhandlingane i april, og møttest derfor til mekling hos Riksmeklaren. Meklingsfristen gjekk ut ved midnatt måndag, men meklinga heldt fram på overtid til tysdag ettermiddag.

Lønnsoppgjera i Noreg er basert på den såkalla frontsfagmodellen. Det betyr at konkurranseutsett industri forhandlar først. Resultata frå desse forhandlingane dannar ramma for resten av lønnsoppgjeret. For å unngå ein storstreik har staten akseptert skissa frå Riksmeklaren som gjev ein lønnsvekst i det statlege tariffområdet på 3,8 prosent. Frontfagsramma er på 3,7 prosent.  

 For oss er det svært viktig å halde fast på frontfagsmodellen som tener Noreg godt. Den sikrar arbeidsplassar, velferdsordningar og norsk konkurransekraft. Då det viste seg at det ikkje var mogleg å komme til einigheit med partane innanfor ramma, la meklar fram ei skisse til løysing som vi valde å akseptere. Alternativet hadde vore å ta landet ut i ein storstreik, med alle dei kostnadane dette har for den einskilde og for samfunnet, seier Gjelsvik.

Årets oppgjer er eit hovudoppgjer, der det har blitt forhandla om alle elementa i hovudtariffavtalane. Kommunal- og distriktsdepartementet representerer staten i forhandlingane med hovudsamanslutningane.

Kommunal- og distriktsdepartement sin pressetelefon: 22 24 25 00