– Eit meir sosialt pensjonssystem som står seg over tid

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna informerte måndag dei fire største arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane om regjeringas arbeid med ei stortingsmelding om pensjon.

– Vi er heldige som har eit godt trepartssamarbeid. Eg ser difor veldig fram til fleire fora og faste møter for dialog med partane i arbeidslivet. Regjeringa er blant annet i full gong med å lage ei  stortingsmelding om pensjon som skal sikre eit meir sosialt pensjonssystem som står seg over tid, gir tryggleik for folks pensjon, og anstendig opptening for alle. Dette er ein av dei viktige sakane vi treng både innspel og bidrag frå partane framover, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Det var første gong den nye arbeids- og inkluderingsministeren møtte medlemmane i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd (ALPR) samla. Det er dei fire største arbeidstakarorganisasjonane (LO, YS, Unio og Akademikerne) og dei fire største arbeidsgjevarorganisasjonane (NHO, KS, Virke og Spekter) som deltek i rådet. Staten som arbeidsgjevar er representert ved statens personaldirektør (KDD). Arbeids- og velferdsstaten og Arbeidstilsynet deltek også på fast basis med sine leiarar.

1 / 3
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna informerte måndag dei fire største arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane om regjeringas arbeid med ei stortingsmelding om pensjon
False
2 / 3
Arbeidsgjevarorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar i møte under Arbeidsliv- og pensjonspolitisk råd (ALPR)
False
3 / 3
Den politiske leiinga i arbeids- og inkluderingsdepartementet under møtet med Arbeidsliv- og pensjonspolitisk råd (ALPR)
False

På dagsorden stod følgjande tema:

  • Arbeid med stortingsmelding om arbeidsmarknadpolitikk (å få fleire i arbeid)
  • Arbeidet med stortingsmelding om pensjon
  • Arbeidsmarknadsintegrering av ukrainarar
  • Orienteringssak – Handlingsplan mot sosial dumping og arbeidslivskriminalitet