Historisk arkiv

Ekspertgruppe har vurdert differansekontraktar for utsleppsreduksjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa har bedt ei ekspertgruppe vurdere bruk av såkalla differansekontraktar i klimapolitikken. Det vil seie at staten, over ein gitt periode, betaler ut stønad til ei bedrift per tonn reduserte klimagassutslepp, så lenge karbonprisen i marknaden er lågare enn eit avtalt nivå.

Ekspertgruppa si vurdering er at differansekontraktar kan vere relevante for innovative prosjekt som er teknologisk modne og klare til marknadsintroduksjon, men som framleis er kommersielt umodne. Aktuelle område kan vere hydrogenproduksjon, fangst og lagring av CO2 eller utsleppsreduserande prosjekt i prosessindustrien. Ekspertgruppa leverte sin rapport 30. oktober.

Differansekontraktar for utsleppsreduksjonar, eller Carbon Contracts for Difference på engelsk (CCfD), er ein langsiktig kontrakt mellom staten og ei verksemd som gjennomfører eit utsleppsreduserande prosjekt. Staten garanterer ein gitt pris for kvart tonn reduserte karbongassutslepp prosjektet fører til og fjernar dermed usikkerheita knytt til den framtidige karbonprisen. Gjennom kontraktsperioden betalar staten så ut stønad berekna som differansen mellom den avtalte karbonprisen og karbonprisen i marknaden, til dømes kvoteprisen, så lenge kvoteprisen er lågare. Ved å avtale ein karbonpris som er høgare enn dagens kvotepris, kan verkemiddelet medverke til å utløyse ønska prosjekt som ikkje er lønsame med dagens kvoteprisar.

- Regjeringa har sett seg høge mål i klimapolitikken. Da må vi òg vere opne for å tenke nytt når det gjeld kva for verkemiddel vi brukar for å nå desse måla. Difor sette vi ned ekspertgruppa. Enova er allereie i gong med å vurdere om differansekontraktar er noko dei vil satse på, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Etter ekspertgruppa si vurdering kan differansekontraktar potensielt supplere verkemidla Enova har for bedrifter som har kome langt i å utvikle teknologi som kan gi klimagassreduksjonar, men som er i ei tidleg fase av marknadsintroduksjon. Enova er allereie i gang med å vurdere om differansekontraktar for utsleppsreduksjonar kan supplere dei eksisterande verkemidla deira.

Ekspertgruppa vurderer samstundes at det på noverande tidspunkt er få område som peikar seg ut for bruk av differansekontraktar i Noreg. Det skuldast at det er eit relativt avgrensa tal på prosjekt på det aktuelle mogenskapsnivået. Ekspertgruppa påpeiker at det framleis er ei rekkje forhold som må avklarast før verkemiddelet kan takast i bruk.

Om ekspertgruppa

Ekspertgruppa bestod av Bjørn K. Haugland (Skift), Nils-Henrik von der Fehr (professor i samfunnsøkonomi ved Universitet i Oslo), Hanne Birgitte Laird og Henrik Gade (Miljødirektoratet), Anton Eliston (NVE) og Arve Solheim (Enova). Sekretariatet hadde støtte frå Thema Consulting, som samanstilte rapporten.

Ekspertgruppa hadde følgjande mandat:

Ekspertgruppen skal vurdere om virkemiddelet differansekontrakter for utslippsreduksjoner (Carbon Contracts for Difference – CCfD) er relevant å bruke i Norge og om det i så fall er noen teknologier/områder hvor et slikt virkemiddel egner seg særlig godt. Vurderingen skal inneholde blant annet følgende elementer: 

  • En beskrivelse av hva CCfD er og hvordan det virker. 
  • En vurdering av hvorfor/hvordan og evt. i hvilke situasjoner og områder CCfD egner seg fremfor eller i samspill med andre virkemiddel (f.eks. investeringsstøtte, regulering og offentlige anskaffelser)
  • En vurdering av hvordan et slikt virkemiddel eventuelt bør organiseres

Les rapporten fra ekspergruppa her.