Historisk arkiv

- Endeleg mot fornuftige prisar for mobilbruk i utlandet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

- Det er svært positivt at medlemslanda i EU er blitt samde om ei felles regulering som sikrar at mobilkundar kan bruke telefonen til same pris når dei er på reise som når dei er heime. Noreg har jobba for dette i møte med europeiske kollegaer over lang tid.

Det seier statssekretær John-Ragnar Aarset i samband med at det tidlegare denne månaden blei kjent at det er semje om grunnreglane for ei ny europeisk regulering etter eit mangeårig arbeid. 

Reguleringa vil innebere at det frå 1. juli 2017 ikkje skal koste meir å ringe, sende SMS eller bruke datatenester på reise i Europa enn det gjer heime i Noreg.

I ein overgangsperiode frå 30. april 2016 til 14. juni 2017 skal prisane ikkje overstige nasjonale prisar, men operatørane kan ta eit tillegg for å dekke kostnadane dei har i samband med bruk av utanlandske nettverk. Dette tillegget skal ikkje utgjere meir enn 0,05 euro per minutt (ca. 41 øre), 0,02 euro per SMS (ca. 16 øre) og 0,05euro per MB (ca. 41 øre), i tillegg til mva). Avhengig av kva slags abonnement ein har, vil dette gi ein monaleg prisreduksjon samanlikna med prisane slik dei er regulert i dag.

Stadig billigare
Det er regulerte maksimalprisar for bruk av mobiltenester på reiser innanfor EØS-området allereie i dag, og dei siste åra er prisane redusert kraftig. Men dei er framleis høgare enn heime.

Frå 1. juli 2015 gjeld nye maksprisar. Til dømes er den maksimale prisen mobilselskapet ditt kan ta for samtalar heim til Noreg eller eit anna EØS-land 2,03 kroner per minutt.

Les meir om dagens prisar og kva for land som er omfatta av reguleringa i denne pressemeldinga frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom).