Historisk arkiv

Endringar i aksjelova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Justis- og politidepartementet

Regjeringa gjer i dag framlegg om endringar i aksjelova knytt til sakshandsaminga i saker om tvangsoppløysing etter orskurd frå tingretten.

Regjeringa gjer i dag framlegg om endringar i aksjelova knytt til sakshandsaminga i saker om tvangsoppløysing etter orskurd frå tingretten.

Endringsforslaget gjeld Brønnøysundregistra si plikt til å sende varsel til eit selskap som står i fare for å bli løyst opp. Justisdepartementet gjer òg framlegg om ei presisering av kva som er avgjerande for at tingretten skal ha kompetanse til å handsame ei sak om oppløysing.

Bakgrunnen for framlegget er ein orskurd frå Høgsterett sitt ankeutval 30. mars 2009 (Rt. 2009 side 414). Hovudspørsmålet i saka var tolkinga av kravet om å ”gi selskapet varsel” i aksjelova § 16-16. Ankeutvalet kom her til at Føretaksregisteret si plikt til å gi selskapet varsel inneber at varselet må vere kome fram til selskapet. Orskurden frå ankeutvalet reiser problem for behandlinga av saker om oppløysing av selskap.

Framlegget går ut på at det skal vere tilstrekkeleg at varsel til selskapet etter aksjelova § 16-16 er sendt. Det blir òg foreslått at det avgjerande for tingretten sin kompetanse til å handsame ei oppløysingssak, er at varsel om oppløysing er blitt kunngjort i den elektroniske kunngjeringspublikasjonen i Brønnøysundregistra.

Framlegget har vore på høyring og fekk brei støtte frå høyringsinstansane.