Enklare å logge inn på offentlege tenester

No blir det enklare å bruke offentlege tenester på nett.

Brukarane kan nytte BankID på mobil til å logge seg på offentlege tenester. Løysinga er no i bruk i ID-porten.

ID-porten gir i dag tilgang til over 750 nettbaserte tenester frå om lag 450 offentlege verksemder.

Med BankID på mobil er du ikkje avhengig av kodebrikka for å få tilgang til offentlege tenester på høgaste tryggleiksnivå.

Les heile saka på Difi sine nettsider