Presseinvitasjon

Enorm logistikkoperasjon før NATO-øvinga – forsvars- og justisminister i Fredrikstad

Forsvarsministeren og justis-, beredskaps- og innvandringsministeren gjestar fredag Borg Havn i Fredrikstad i samband med innkomst av utstyr og materiell til Trident Juncture 2018. Den enorme logistikkoperasjonen er no i gang.

Den store NATO-øvinga Trident Juncture 2018 finn stad i Noreg i oktober og november. Med over 40.000 soldatar frå 29 NATO-land, er det enorme mengd med utstyr og materiell som må på plass i forkant.

Pressa blir invitert til å vitje det førebels største enkeltmottaket av alliert støtte saman med forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justis-, beredskaps-, og innvandringsminister Tor Mikkel Wara.

  • Fredag 7. september kl. 08:00 kjem tysk materiell med lasteskipet Ark Germania frå DFDS Seaways til Borg Havn i Fredrikstad.
  • Om bord er om lag 250 militære køyretøy og 70 containerar med materiell som skal nyttast for å etablere alliert nærvær på Gardermoen, Sessvollmoen og Rena.
  • Køyretøy og materiell blir fordelt på opptil 16 kolonnar for vidare transport umiddelbart etter innkomst.
  • Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justisminister Tor Mikkel Wara vil være til stades og er tilgjengelege for pressa.
  • Heimevernet, politiet, hamnesjefen og Statens vegvesen er og til stades.

Tilgang for pressa

  • Filme mottaket og logistikkoperasjonen på kaien.
  • Intervju av Forsvarsministeren (om verdien av øvinga for norsk tryggleik) og justisministeren (om totalforsvarskonseptet og sivil-militært samarbeid).
  • Intervju av lokal sjef HV (tryggleik), lokal sjef for militært mottak (logistikk), hamnesjefen og militær representant for den tyske NATO-styrken.

Dato: Fredag 7. september, 2018
Stad: Borg Havn, Fredrikstad
Tid: Oppmøte kl. 08.00 for filming av mottak. Kl. 09.00 intervjuar. Planlagt ferdig til kl. 10.00.

Påmelding til Fredrik Tandberg (kontaktinfo under) innan torsdag kveld, 6. september. 

Kontaktpersonar:

  • Praktiske forhold på Borg Havn: Lt Fredrik Tandberg, Forsvarets Mediesenter, mobil: 400 29 633
  • Forsvarsministeren: Eskil G. Sivertsen, Forsvarsdepartementet, mobil: 926 89 277
  • Justisministeren: Andreas Bondevik, Justisdepartementet, mobil: 402 32 454