Historisk arkiv

Enorm logistikkoperasjon før NATO-øvinga Trident Juncture

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Forsvarsministeren og justis- og beredskapsministeren besøkte fredag Borg Havn i Fredrikstad i samband med mottak av utstyr og materiell til Trident Juncture 2018. Den enorme logistikkoperasjonen er no i gang.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara i samtale med ein av dei tyske offiserane som frakta utstyret til Noreg.
Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og justis-, beredskaps- og innvandringsminister Tor Mikkel Wara i samtale med ein av dei tyske offiserane som frakta utstyret til Noreg. Foto: JD

Den store NATO-øvinga finn stad i Noreg i oktober og november. Med over 40.000 soldatar frå over 30 land, er det enorme mengder utstyr og materiell som må på plass i forkant. 

– NATO og Noreg skal øve for at vi saman skal vere i stand til å skape sikkerheik for Noreg og tryggleik for befolkninga. Vår evne til effektivt å motta allierte forsterkingar og operere saman er svært viktig for ei truverdig avskrekking og eit effektivt forsvar av Noreg, seier forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).  

– Øvinga treffer heile det norske samfunnet, og gjev Noreg ei unik moglegheit til å øve heile bredda i totalforsvaret – sivilt og militært, seier justis- og beredskapsminister Tor Mikkel Wara (FrP). 

Totalforsvaret er summen av dei sivile og militære ressursane som jobbar saman for å førebyggje og handtere kriser, væpna konfliktar og krig i Noreg. 

– Totalforsvaret sikrar gjensidig støtte og samarbeid mellom det sivile samfunnet og Forsvaret. Utan eit godt sivilt og militært samarbeid vil vi ikkje vere i stand til å ta imot alliert støtte, seier Wara vidare. 

Fredag 7. september kom det tyske forpartiet med lasteskipet Ark Germania frå DFDS Seaways Borg Havn i Fredrikstad. Om bord var omlag 250 militære køyretøy og 70 containerar med materiell som skal nyttast for å etablere alliert nærvær på Gardermoen, Sessvollmoen og Rena. Køyretøy og materiell blei fordelt på opptil 16 kolonnar for vidare transport umiddelbart etter innkomst.