Historisk arkiv

Erte skianlegg får tilskot på 492 000 kroner til rulleskianlegg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Tistedalen Friluftslag har fått 492 000 kroner frå anleggspolitisk program til ei rulleskiløype i Erte skianlegg.

- Rulleskiløypa i Erte skianlegg blir det einaste rulleskianlegget i Østfold. Området er snøfattig, og ei løype, som kan brukast for rulleski om sommaren og dekkjast med kunstsnø om vinteren, vil vere viktig for å sikre rekruttering til langrennssporten. Rulleskianlegget vil også flytte trening på rulleski vekk frå trafikkerte vegar og vil gi betre treningsforhold for rulleskiløparar i alle aldre, seier kulturminister Thorhild Widvey.

 Rulleskianlegg er eit prioritert område i Kulturdepartementet sitt anleggspolitiske program for perioden 2014 – 2017. Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet vert fordelt av overskotet i Norsk Tipping AS.

Søknaden fra Tistedalen Friluftslag er anbefalt av Norges Skiforbund og Norges Skiskytterforbund.