Evaluering av samarbeid mot arbeidslivskriminalitet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Samarbeid mot arbeidslivskriminalitet har hatt god effekt, viser ein rapport frå KMPG. Samtidig peikar rapporten på fleire område der samarbeidet til etatane bør bli betre.

På oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Finansdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet har KPMG gjennomført eit FoU-oppdrag om evaluering av det tverretatlege samarbeidet om arbeidslivskriminalitet mellom politiet, Skatteetaten, Tolletaten, NAV og Arbeidstilsynet.

Rapporten viser at samarbeidet har hatt positiv effekt. innsatsen mot arbeidslivskriminalitet på strategisk nivå er blitt synlegare og sterkare. Etatane arbeider betre saman på operativt nivå, blitt meir innovative og har bidratt til reformar i regelverket. Samtidig peikar rapporten på ein rekke utfordingar.

– Deling og behandling av teiepliktig informasjon har vore ei utfordring i a-krimsamarbeidet. I sommar kom det endeleg eit nytt regelverk som vil legge grunnlaget for eit meir effektivt samarbeid. Rapporten til KPMG peikar på at vi heile tida må halde fram med å utvikle gode verkemiddel, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Rapporten peikar også på at organiseringa kan bli meir effektiv, kunnskapsutviklinga meir systematisk og styringa av samarbeidet mellom etatane meir strategisk. Metodane til kriminelle miljø i arbeidslivet tilpassar seg raskt nye tiltak og metodar, og KPMG meiner det er behov for raskare tilpassing frå styresmaktene.

– For å førebygge og nedkjempe sosial dumping og arbeidslivskriminalitet må mange etatar samarbeide. Rapporten frå KPMG er eit godt bidrag til å utvikle samarbeidet. Regjeringa vil ha eit trygt og seriøst arbeidsliv i Noreg, og då er eit godt samarbeid mellom etatane viktig, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

I rapporten kjem KPMG med fleire konkrete tilrådingar. Mellom anna at etatane bør klargjere mandatet til a-krimsentera, og arbeidsfordelinga mellom sentera og dei ulike etatane. Etatane bør også styrke samarbeidet med eksterne organisasjonar. I tillegg bør det utviklast metodar for systematisk bruk av registerdata i analysar og etterforsking.  Årsrapporteringa bør også endrast.

KPMG påpeikar at NTAES, som er eit nasjonalt tverrfagleg samarbeid mellom politiet, Skatteetaten, NAV, Arbeidstilsynet og Tolletaten i arbeidet mot økonomisk kriminalitet, bør få ei meir strategisk rolle i kunnskapsbygginga.

Les rapporten her.
Evaluering av etatssamarbeid mot arbeidslivskriminalitet.pdf