Historisk arkiv

Få alvorlege brot på dyrevelferdslova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Mattilsynet har lagt fram rapport om tilsyn med dyrevelferd i tredje tertial 2015. I denne perioden har Mattilsynet ført tilsyn i 3478 dyrehald. I 92 % av desse har dyrevelferd vore tema. I eit fleirtal av tilsyna har inspektørane ikkje funne avvik frå regelverket. Det har vore få tilfelle av alvorleg vanstell av dyr.

– Eg er nøgd med at Mattilsynet gjennom sitt tilsyn set søkjelys på dyrevelferd. Rapportane som dei utarbeider, er med på å auke kunnskap om korleis dyrevelferda i Norge utviklar seg og samtidig med til å bidra til at dyr får det betre, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale."

Forside: Dyrevelferden i Norge 3. tertial 2015
Forsidebilde til rapport - Dyrevelferden i Norge 3. tertial 2015 Foto: Mattilsynet