Fagseminar om ny vallov

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet inviterer til fagseminar om ny vallov fredag 24. mars.

Nett-tv Fagseminar om ny vallov

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Kommunal- og distriktsdepartementet vil markere den nye loven med eit fagseminar der statsråden går gjennom forslaget til ny vallov og der inviterte gjestar gir sine kommentarar og refleksjonar.

  • Tid:      Fredag 24. mars kl. 13.30-14.30
  • Sted:   Auditoriet i R5, Akersgata 59

Program

  • Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik presenterer forslag ny vallov og de viktigaste endringane
  • Professor emeritus Bernt Aardal – Utvikling av vallova over tid
    Aardal satt både i det førre vallovutvalet og det nyaste, og har ei unik oversikt over endringane som er gjort i vallov og valordning i Noreg dei siste 30 åra.
  • Jette Christensen – Kommentar til ny vallov
    Christensen leiar riksvalstyret som vart oppnemnt før stortingsvalet i 2021. Hun er også medlem av det nye riksvalstyret og har vore engasjert i klagehandsaminga. 

Påmelding:
Påmelding kan sendast til ke@kdd.dep.no.

Om du har spørsmål, kan du kontakte pressevakta i Kommunal- og distriktsdepartementet på telefon 22 24 25 00 eller e-post ke@kdd.dep.no.

Strøyming:
Fagseminaret blir filma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende fagseminaret direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.