Historisk arkiv

Fall i arbeidsløysa i januar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

– Den gode arbeidsløyseutviklinga vi såg i 2017 held fram i 2018. Nedgangen i talet på arbeidslause det siste året er på heile 19 prosent, seier arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie.

Byggekran i Oslo mot blå himmel og hustak.
Arbeidsløysa fall i januar. Utviklinga er særleg god for ingeniørar og industriyrke. Foto: Jan Richard Kjelstrup/ASD

2200 færre heilt ledige blei registrert hos Arbeids- og velferdsetaten frå desember til januar, korrigert for sesongvariasjonar. Utviklinga er særleg god i Rogaland og for ingeniørar, samt innan industriyrke. 

– Færre er ledige, fleire er i jobb og delen sysselsette held no tritt med befolkningsauka. Pilane har snudd og regjeringa si politikk virker, det er eg nøgd med.

Sjølv om situasjonen på arbeidsmarknaden betrer seg mykje, treng vi å få fleire i arbeid og vi ønskjer å auke sysselsettinga for fleire grupper. Dette er problemstillingar sysselsettingsutvalet skal jobbe med det komande året, seier statsråden.

Fakta om arbeidsløysa i januar 2018

  • Det er normalt ei auke i arbeidsløysa frå desember til januar. For å få fram den underliggande endringa blir talet på arbeidslause sesongkorrigert. Arbeidsløysa i januar var 65 800 sesongkorrigert. Det tilsvarar ei arbeidsløyse på 2,4 prosent. 
  • Talet på heilt arbeidslause gjekk ned med 2 200 i januar. Summen av ledige og personar på tiltak gjekk enda litt meir ned (minus 2 700).  
  • Ser vi på ukorrigerte tal, må vi samanlikne med same månad i fjor. Det er ved utgangen av januar registrert 71 800 heilt ledige arbeidssøkarar, noko som tilsvarar 2,6 prosent. Det er 19 prosent eller 16 400 færre enn i januar i fjor. I tillegg er det 19 400 arbeidssøkarar på tiltak. Det er fire prosent lågare enn på same tid i fjor. 
  • Talet på permitterte blei redusert med 45 prosent siste år.