Historisk arkiv

Færre bompengeselskap gir meir veg for pengane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Regjeringa er oppteken av å få meir veg for pengane. Å oppretta regionale bompengeselskap skal etter kvart føra til reduserte kostnader på 50 til 100 millionar kroner årleg for alle bompengeprosjekta i landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

- Regjeringa er oppteken av å få meir veg for pengane. Å oppretta regionale bompengeselskap skal etter kvart føra til reduserte kostnader på 50 til 100 millionar kroner årleg for alle bompengeprosjekta i landet, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa.

""Per mars 2011 er det 50 bompengeprosjekt og 47 bompengeselskap i Noreg. Etter ny organisering vil ein etter kvart kunna koma ned i 19 selskap eller færre. Tanken er at fylkeskommunane skal samla alle bompengeprosjekta sine i eit bompengeselskap, medan dagens organisering i hovudsak inneber eit selskap per prosjekt. Dersom fleire fylke ønskjer å samarbeida ved å samla prosjekta sine i eit felles bompengeselskap, opnar ordninga òg for dette.

- Dei frigjorde inntektene ved meir effektiv drift kan nyttast på fleire måtar, til dømes til å byggja meir veg eller forkorta innkrevjingsperioden for bompengeprosjekta, seier samferdselsministeren.

Samferdselsdepartementet har bede Vegdirektoratet om å førebu ordninga med fylkeskommunale bompengeselskap som kan omfatta fleire bompengeprosjekt. Eit sentralt krav vil vera at det ikkje må skje kryssubsidiering mellom dei ulike bompengeprosjekta.

Departementet vil få ei skisse til nærare utforming av ordninga frå Vegdirektoratet seinast innan utgangen av 2011. Vegdirektoratet  allereie i gang med den vidare utforminga av  ordninga, i lag med fylkeskommunane Buskerud, Hordaland og Sør-Trøndelag. 

For fleire opplysningar – sjå:

Pressevakt: 919 14 777 (kvardagar kl. 08-16)