Fastlegeordninga: Nytt tilskot til legevakttenesta i distriktskommunar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Helsedirektoratet lyser ut eit tilskot på 50 millionar kroner, som kommunar med utfordringar med å rekruttere til legevakt kan søke på.

– I Hurdalsplattforma er vi tydelege på at vi skal sikre ei god legevaktteneste i heile landet, og utgreie løysingar som tar omsyn til belastninga fastlegane opplever både på kontoret og på legevakta, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Legevakt gir ei høg vaktbelastning for mange fastlegar. Det er spesielt høg vaktbelastning i mindre og usentrale kommunar. Dette er ofte kommunar som allereie har utfordringar med å rekruttere fastlegar til kommunen. Tilskotet skal bidra til å redusere vaktbelastninga i legevaktordninga og betre rekrutteringa i desse kommunane.

Utfordringane i fastlegeordninga og legevakt heng tett saman. Styrkinga av legevakt er også eit ledd i å stimulere til auka rekruttering til allmennlegetenesta. Midla som kom i tilleggsproposisjonen er eitt steg på vegen til å snu den negative utviklinga i fastlegeordninga.

– Dette nye legevakttilskotet vil ha effekt på kort sikt, men vi stoppar ikkje der. Blant anna skal ei partisamansett arbeidsgruppe levere forslag til fleire tiltak som skal bidra til ei berekraftig legevaktordning i slutten av april. Å styrke fastlegeordninga slik at rekruttering og stabil legedekning blir sikra over heile landet, er ei av mine viktigaste oppgåver, seier Kjerkol.

Les meir hos Helsedirektoratet