Felles flyavtaler kan spare staten for 70 millionar

- I ei tid der staten må redusere sine utgifter, innfører vi nå ei ny fellesavtale for flyreiser for alle statlege verksemder. Avtalen kan spare staten for minst 70 millionar kroner i året, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) ved Statens innkjøpssenter har nyleg inngått nye statlege fellesavtalar for flyreiser.

Ved å bruke avtalen kan statlege verksemder oppnå store innsparingar. Forut for konkurransen er det identifisert eit potensial for innsparingar på 20 prosent  av estimerte innkjøpskostnadar på 700-800 millionar kroner. Avtalane omfattar 327 ulike strekningar med 629 tilhøyrande avtaleområdar.

- Regjeringa har allereie kutta i statens reisekostnadar. I revidert nasjonalbudsjett for 2022 blei det varsla eit kutt på 15 prosent i reiseutgiftene for andre halvår målt mot nivået før pandemien. Gjennom dei nye statlege fellesavtalane for flyreiser vil altså staten spare inn ytterlegere millionar, seier Gjelsvik.

Han legg til at berekraft er heilt sentralt i fellesavtalene som DFØ forhandlar fram. Miljø og klima fremmast mellom anna ved at statlege verksemder oppfordrast til å nytte tog framfor fly, og sosial berekraft fremmast gjennom at DFØ setter krav til lønns- og arbeidsvilkår og etiske vilkår.

DFØ vil fylgje opp krava som er stilt til lønns- og arbeidsvilkår og etiske vilkår, mellom anna gjennom eigenrapportering av ivaretaking av menneskerettigheitar, medrekna arbeidstakar-rettigheitar.

Se også Bærekraft og fellesavtaler | Anskaffelser.no