Historisk arkiv

Finaleheat med opera, biovarme og jordbærøl

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesvinnarane er kåra og no er finalistane klare til den nasjonale Bygdeutviklingsprisen 2015. Dei nominerte er Tor Oxhovd Svalesen med Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS i Oppland, Åmot Operagard Sørli i Sogn og Fjordane og Folvell gård i Akershus.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og Anita Krohn Traaseth, administrerande direktør i Innovasjon Norge delar ut prisen 14. januar på ein pressekonferanse i Den norske ambassaden i Berlin under landbruks- og matmessa Internationale Grüne Woche.

Bygdenes og landbrukets ressursar

Innovasjon Norge deler ut Bygdeutviklingsprisen kvart år. Fylkesvinnarane har kvar motteke 50.000 kroner, og vinnaren av den nasjonale prisen vil i tillegg reise heim frå Berlin 250.000 kroner rikare.

Vertskapet på Åmot Operagård er f.v. Steinar Sørli og Yngve Brakstad.
Vertskapet på Åmot Operagård er f.v. Steinar Sørli og Yngve Brakstad. Eigarane Steinar Sørli og Yngve Brakstad er ressurspersonar i norsk reiseliv, som tenkjer nytt og utradisjonelt. Dei har fått i stand eit utstrakt lokalt, regionalt og nasjonalt samarbeid, som også bidreg til etablering av internasjonale nettverk. I tillegg frontar dei no utvikling av ei regional kultur- og matklynge. Foto: Dagrun Reiakvam/DeHistoriske
Tor Oxhovd Svalensen er ein aktiv medeigar og viktig pådrivar for fleire selskap i Valdres, og for Bygdeutviklingsprisen 2015 i Oppland er det særleg Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS som har blitt tillagt mest vekt. Oxhovd Svalensen er medeigar i familieselskapet Oxhovd AS.
Tor Oxhovd Svalensen er ein aktiv medeigar og viktig pådrivar for fleire selskap i Valdres, og for Bygdeutviklingsprisen 2015 i Oppland er det særleg Stølslie Biovarme AS og Valdres Biovarme AS som har blitt tillagt mest vekt. Oxhovd Svalensen er medeigar i familieselskapet Oxhovd AS. Foto: Privat
Folvell Gård eies og drives av Elin og Martin Skovseth. Her med barna Andrea og August.
Folvell Gård eies og drives av Elin og Martin Skovseth. Her med barna Andrea og August. På Årnes i Akershus driv ekteparet Elin og Martin Skovseth allsidig drift med gris på konsesjonsgrensa, såkorndyrking, jordbær, grovfòrproduksjon, skogbruk og leigekøyring. Foto: Privat

Innovasjon Norge:

Kjell Bruvoll, prosjektleder
kjell.bruvoll@innovasjonnorge.no mob. 958 58 629.

Marianne Mork, senior kommunikasjonsrådgiver
marianne.mork@innovasjonnorge.no, mob. 414 49 747.