Historisk arkiv

Finansiering på plass for Dyrstad - Sprova - Malm

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet har i dag lagt fram forslag om finansiering av prosjektet Dyrstad - Sprova - Malm på fylkesveg 17 og fylkesveg 720 i Nord-Trøndelag. Det er lagt opp til etappevis utbygging med utbetring og ombygging av fylkesveg 17 på strekninga Dyrstad - Sprova og omleggjing av fylkesveg 720 til Malm som fyrste trinn. Trinn to vil omfatte tiltak på fylkesveg 17 vidare nordover frå Sprova til Namsos.

Finansieringa er basert på ei 50/50-fordeling mellom fylkeskommunale midlar og bompengar. Det blir anleggsstart i 2017, med opning for trafikk hausten 2019.

Fylkesveg 17 er hovudveg mellom Steinkjer og Namsos. Saman med fylkesveg 720 knyttar dei to fylkesvegane saman Innherredskommunane og kommunane på Fosen og i Namdalen.

Proposisjonen blei lagd fram for Stortinget i dag.

Prop. 56 S (2016–2017) - Finansiering av prosjektet fv 17 / fv 720 Dyrstad – Sprova – Malm i Nord-Trøndelag, justert innkrevjingsopplegg E16 Kongsvinger – Slomarka og auka kostnadsramme E6 Helgeland nord