Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Fiskeri- og sjømatministeren til Bodø

Møte med studentar ved Nord universitet, innlegg på Havets døgn og besøk til Salmobreed Salten står på programmet når fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Bodø torsdag 21. november.

Havets døgn samlar studentar og bedrifter frå havbruksnæringa. Tema for konferansen er miljø, berekraft og innovasjon. Nesvik skal møte studentgründarane bak Norskin Materials, som skal foredle lakseskinn til bruk i mellom anna moteindustrien. Nesvik skal også ha innlegg på Havets Døgn.  

Seinare på dagen besøker fiskeri- og sjømatministeren Salmobreed Salten. Salmobreed produserer rogn frå stamfisk. Anlegget ligg på land, og er blant dei mest avanserte i verda.

Program

Kva: Havets døgn.

Kor: Nord Universitet.

Når: Møte med Norskin-gründarane frå 09:45-10:15 (Spir Idélab, Engage-senteret, 2. etasje) Innlegg på konferansen frå 10:40-11:00 (auditorium Petter Dass).

Kva: Salmobreed Salten.

Kor: Sørfjordmoen, Engan.

Når: 13:30-15:00.

Presse som ønsker å delta på besøket hos Salmobreed, må melde seg på til [email protected]

Til toppen