Historisk arkiv

Fiskeri- og sjømatministeren til Roma

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøker Roma i neste veke, for å delta på ein FN-konferanse om berekraftige fiskeri. Han vil og vere til stades når Det internasjonale høgnivåpanelet for berekraftig havøkonomi presenterer tilrådingar om framtidas matproduksjon.

– Eg ser fram til å få presentert Havpanelets nye vitskaplege kunnskapsgrunnlag, og tilrådingane om auka berekraftig matproduksjon i framtida, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Dette er det fyrste av ein serie med 16 såkalla “Blue Papers” som Det internasjonale høgnivåpanelet skal presentere mellom no og juni 2020. Kvart av dei dei 16 dokumenta er ein sentral del av dei endelege tilrådingane frå panelet for berekraftig havøkonomi. Formålet med panelet er å skape internasjonal forståing for at berekraftig bruk av havet og god miljøtilstand gir høg verdiskaping.

Under besøket skal Nesvik og delta på eit arrangement i regi av Noregs Sjømatråd. Italia er den niande viktigaste enkeltmarknaden for norsk sjømat målt i verdi, då særleg eksport av laks og torskeprodukt som tørrfisk. Så langt i 2019 har eksporten av sjømat til Italia auka med 8 prosent i verdi, og 11 prosent i volum.

Vidare skal fiskeri- og sjømatministeren møte Portugals havminister Ricardo Serrão Santos, og FAO sin generaldirektør Qu Dongyu.