Historisk arkiv

Fiskeri- og sjømatministeren til Spania

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik besøkjer Vigo i Spania 30. september - 1. oktober. Han skal mellom anna ha politiske samtalar med Spania sin landbruks-, fiskeri- og matminister, Luis Planas.

Nesvik skal også delta på ein FN-konferanse, besøkje utstillinga Conxemar og på besøk til bedriftene Optimar og Cabomar.

-Spania er eit av EU sine viktige medlemsland innan fiskeri. Landet har stor interesse i byteavtalen og torskekvotar i Barentshavet. Brexit får konsekvensar for samarbeidet om forvaltning av fiskebestandar i nord-aust Atlanteren. Vi har etablert ein god dialog med Storbritannia og har allereie eit godt samarbeid med EU, men dialog med medlemstatane er også viktig, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik.

Tettare samarbeid om fiskerikontroll vil også vere tema under dei politiske samtalane.

Utdrag frå program:

Måndag 30. september

09.00 - 09:40 FN-konferanse

11:30 - 13:00 Bedriftsbesøk til Optimar

16:00-17:30 Bedriftsbesøk til Cabomar

Tysdag 1. oktober

11:00-11:45 Politiske samtalar med Luis Planas, Spanias landbruks-, fiskeri- og matminister

12:00 - 12:45 Offisiell opning av utstillingen Conxemar

13:15-14.00 Besøkje den norske paviljongen og møte norske bedrifter.

14:00-15:00 Mottaking ved den norske paviljongen. Fiskeri- og sjømatministeren gir ein kort velkomsttale.

15:00-16:00 Besøk på Conxemar-utstillinga.