Historisk arkiv

Fiskeri- og sjømatministeren får servert fersk kunnskap om korleis vi kan få til meir klimavennleg transport av norsk laks

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Stad: Forsøkshallen på Nofima, Tromsø

Forsking, næring og politikk møtest i Tromsø for å diskutere korleis vi kan få til meir klimavennleg transport av norsk laks. Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen får servert fersk kunnskap i form av korte foredrag og demonstrasjon av superkjøling av laks.

Tema: Slik kan vi drastisk redusere klimaavtrykket frå transport av laks

Program:

  • Divisjonsdirektør Magnar Pedersen ønskjer velkomen
  • Nofima-forsker Bjørn Tore Rotabakk fortel om forskingsprosjektet og om dei ulike metodane som kan redusere klimaavtrykket til norsk laks
  • Arild Aakre, salssjef i Cermaq, fortel om marknadsperspektivet når det gjeld klimavennleg transport av laks
  • Stine Torheim, fabrikksjef Grieg Seafood Alta, fortel om erfaringar og utfordringar med superkjøling. Grieg var dei første i Noreg til å kjøpe utstyr
  • Nofima viser fram superkjølt laks (både filet og heil laks)