Fleire tiltak for å auke ombruk og redusere klimautslepp frå byggenæringa

Regjeringa har vedteke endringar i energi-, klima- og miljøkrava i byggteknisk forskrift og tilhøyrande endringar i byggesaksforskriften. Endringane vil bidra til å redusere klima- og miljøavtrykket frå bygg.

Bygg og anlegg står for rundt 15 prosent av klimagassutsleppa i Noreg, og er den største kjelda til avfall her i landet. Næringa er derfor viktig for at vi skal nå klima- og miljømåla.

–Vi innfører no krav om at nye bygg skal byggast slik at dei seinare kan demonterast, og at materialar skal bli kartlagde for ombruk ved større arbeid i eksisterande bygg. Vi aukar òg kravet til sortering av avfall på byggeplass frå 60 til 70 prosent, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa innfører også krav om klimagassrekneskap for bustadblokker og yrkesbygg.

–Hurdalsplattforma slår fast at vi må skjerpe krava til byggenæringa. Samtidig er det også eit mål å halde byggekostnadane så låge som mogleg. Vi set no i gang eit arbeid med å vurdere aktuelle verkemiddel for å balansere desse omsyna, seier Gjelsvik.

I tillegg omfattar endringane forenklingar og presisering av energireglane på nokre område.

Endringane gjeld frå 1. juli 2022, med ein overgangsperiode på eit år.