Historisk arkiv

Forbetring av dagpengeordninga

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Regjeringa vurderer det som viktig at personar som opplever tapt arbeidsinntekt som følgje av arbeidsløyse blir sikra eit rimeleg inntektsnivå, slik at dei kan sørgje for livsopphaldet sitt mens dei er arbeidssøkjarar.

Pressemelding

Nr.: 118/11
Dato: 06.10.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Rune Solberg, 22 24 47 00, mobil 915 44 198

Forbetring av dagpengeordninga

Regjeringa vurderer det som viktig at personar som opplever tapt arbeidsinntekt som følgje av arbeidsløyse blir sikra eit rimeleg inntektsnivå, slik at dei kan sørgje for livsopphaldet sitt mens dei er arbeidssøkjarar.

– I tråd med Soria Moria-erklæringa legg regjeringa derfor opp til ei forbetring av dagpengeordninga i 2007, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

Med dagens regelverk blir ikkje dagpengar ytt dei fyrste fem dagane i arbeidsløysesperioden.

– For å sikre betre kompensasjon for dagpengemottakarar ved inntektsbortfall foreslår regjeringa å redusere mengda ventedagar frå fem til fire dagar frå 1.1.2007, seier Hanssen.

Frå før har Stortinget vedtatt å gjeninnføre ferietillegg for personar som har mottatt dagpengar i meir enn 8 veker, frå 1. juli 2006. Denne utbetalinga vil kome vedkomande til gode i 2007 og hjelpe til at personar med lengre arbeidsløysesperiodar bak seg har høve til å ta ferie.

Regelverket for permitteringar blir vidareført
Regjeringa har også gått gjennom regelverket for permitteringar. Situasjonen i arbeidsmarknaden kan isolert sett tilseie kortare dagpengeperiode ved permittering. I innspel til gjennomgangen har partane i arbeidslivet mellom anna kome med ynskje om større forutsigbarhet og mindre hyppige endringar i regelverket. Etter ei samla vurdering blir dagens regelverk vidareført med ein dagpengeperiode på 34 veker og lønnsplikt på 10 dagar for arbeidsgjevar ved permitteringar.