Foregangsetat satser på tettare oppfølging

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Arbeids- og sosialdepartementet

Nøkkelen til ein inkluderande arbeidsplass er motiverte leiarar og tett og god oppfølging, meiner Statens pensjonskasse.



Nøkkelen til ein inkluderande arbeidsplass er motiverte leiarar og tett og god oppfølging, meiner Statens pensjonskasse.

Statens pensjonskasse (SPK) er ein av i alt seks foregangsetatar og - kommunar som skal prøve å bruke verkemiddel i Jobbstrategien for å øke jobbsjansane for unge med nedsett funksjon. Målet er å redusere barrierane som gjer at unge med nedsett funksjon ikkje kjem i arbeid. I SPK har dei hatt inne tre kandidatar under 30 år i praksisplass frå Nav etter at dei blei foregangsetat.

-Motiverte leiarar og systematisk oppfølging er ein veldig god start når ein ønsker å inkludere unge menneske med nedsett funksjon, seier seniorrådgiver Grethe Wilberg i SPK, og legg til:

Systematisk oppfølging

-Det vi har gjort er eigentleg enkle grep. Fleire arbeidsgivarar kan få til det same som oss. 

SPK forsto at dei kunne følge opp kandidatene sine endå betre enn dei hadde gjort. Dei starta mellom anna med oppfølgingssamtalar med kortare mellomrom. No blir praksiskandidaten invitert til samtale allereie etter 14 dagar for å høyre om alt gjeng bra.

-Det er ein fin måte å halde kontakta på. Kandidatene kan være litt usikre i jobben, og da skal vi være der for å snakke om ting. Det kan være ting vi trur alle veit, men som ein nytilsett kanskje lurer på. Som til dømes ”kva tid har eg lov å gå til lunsj”, fortel Wilberg.

LES OGSÅ: Slik har Arbeidstilsynet lykkes med Jobbstrategien
LES OGSÅ: Jobbstrategi for unge med nedsatt funksjonsevne

Tettare mellom møta

SPK har innført fleire stoppunkt som dei kallar det – møter undervegs i praksisperioden for å sjekke at ting går på skinner. Og når ein praksisperiode gjeng mot slutten, har SPK starta med sluttmøte for å lære av praksisperioden: Kva gikk bra, kva kan ein bli betre på.  

Tettere oppfølging av praksiskandidatane frå personalavdelinga si side har og økt motivasjonen hos leirarar for å ta imot kandidatane.

Tre kandidatar

SPK har lenge tatt inn praksiskandidatar.

-Vi har tatt enkle grep og har lært av prosessen. Vi kjem til å halde fram med å inkludere personar med ulike funksjonsnedsettelser, seier Wilberg.