Historisk arkiv

Forenklar reguleringa for fiskarane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeriministeren legg nå til rette for enklare refordeling av fiskekvotar gjennom året. Det skal skje i nær dialog med næringa.

Fiskeriministeren legg nå til rette for enklare refordeling av fiskekvotar gjennom året. Det skal skje i nær dialog med næringa.

- Fiskarane er avhengige av at myndigheitene raskt kan gjere endringar i reguleringar av fisket når det er nødvendig. Derfor overlèt eg nå detaljreguleringar til Fiskeridirektoratet som er nærast til å handtere dette, med oppdaterte fangsttal og oversikt over deltaking i dei enkelte fiskeria. Eg er overtydd om at dette vil gi ei meir effektiv og fleksibel handtering enn vi har hatt til nå, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker.
 
Fiskeriministeren hadde i dag møte med Fiskarlaget for å få førstehands kjennskap til korleis organisajonen ser på ulike saker. Refordeling var eitt av fleire tema.
 
- Avgjerdene om refordeling betyr mykje for fiskarar som ligg ved kai og ventar, og eg føreset at Fiskeridirektoratet handterer dette i nær dialog med næringa, seier fiskeriminister Elisabeth Aspaker, som legg til at i tilfelle der endringar også betyr omfordeling av kvantum mellom fartøygrupper vil det framleis vere naturleg at departementet er involvert.