Føreslår reglar for ny AFP i offentleg sektor

Regjeringa fremjer i dag eit lovforslag om ny avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor. Endringane vil gjere det enklare å kombinere pensjon og jobb.

- Eg er glad for at offentleg tilsette no får ei AFP-ordning som er betre tilpassa pensjonsreforma. Den nye ordninga vil leggje til rette for eit lengre arbeidsliv i offentleg sektor, samstundes som det framleis vil vere mogleg å gå av tidleg med eit godt pensjonsnivå for dei som ønsker det, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna.

Det blei avtalt allereie i 2018 at AFP i offentleg sektor skulle leggjast om etter mønster av AFP i privat sektor. Endringane regjeringa no føreslår følgjer opp dette.

Lovforslaget inneber at AFP for tilsette i offentleg sektor blir endra frå å vere ei tidlegpensjonsordning til å bli ei ordning med eit livsvarig påslag til folketrygda. I praksis betyr dette at ein kan ta ut pensjon fleksibelt og fritt kombinere det med arbeidsinntekt. Omlegginga gjer at det løner seg å jobbe lenger enn det gjer i dag.

Den nye ordninga skal gjelde årskulla som er fødd i 1963 eller seinere. Ny AFP kan bli utbetalt frå 2025 når 1963-kullet fyller 62 år.

AFP i privat og offentlig sektor må fungere godt saman

- Eit viktig mål med denne omlegginga er at AFP i privat og offentleg sektor fungerer godt saman. Det er viktig fordi pensjonsordningane ikkje bør vere til hinder for å bytte jobb på tvers av sektorar, seier Brenna.

Avtala inneber å kunne rekne med arbeidstakaren sin ansiennitet i AFP-ordningane mellom offentleg og privat sektor. Den inneber at jobbskifte mellom privat og offentleg sektor ikkje diskvalifiserer for rett til AFP, så lenge begge eller alle verksemdene har AFP-avtale.

 

  • Nytt regelverk for offentleg AFP (avtalefesta pensjon) etter mønster av den private AFP-ordninga.
  • Offentleg tilsette som har jobba i private verksemder med AFP-avtale kan få inkludert denne ansienniteten i vurderinga om dei har rett til offentlig AFP.
  • Fram til det kjem ei avklaring om eventuelle endringer i AFP-ordninga i privat sektor blir det også føreslått ei midlertidig løysning for dei som har bytta jobb frå offentleg til privat sektor med AFP-avtale, for årskulla 1963–1965. Lovforslaget legg dermed godt til rette for ei eventuell varig løysing, dersom AFP-ordninga i privat sektor blir vidareført.