Historisk arkiv

Forsknings - og høgare utdanningsminister Henrik Asheim besøker Høgskolen i Østfold måndag 14. september

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Denne hausten starta Høgskolen i Østfold opp eit nytt bachelorstudium innanfor feltet paramedisin. Studiet viste seg å vere det mest populære på høgskolen i år, med over 20 søkarar per plass.

Ein paramedisinar jobbar med akuttmedisin utanfor sjukehus og i ambulansetenesta, der riktig førstehjelp kan avgjere liv eller død. Det er stort behov for folk med denne type kompetanse, både i Helse Sør-Aust, men også nasjonalt. Måndag 14. september kjem statsråd Asheim til Fredrikstad for å besøke dei nye paramedisinstudentane, og for å sjå dei i aksjon.  

Stad: Høgskolen i Østfold, Fredrikstad

Kobberslagerstredet 5, Kråkerøy

Program måndag 14.september:

11.15-11.20: Høgskolen tar imot statsråden ved hovudinngangen.

11.20-11.50: Studentar ved paramedisin får undervisning ute ved ambulanse før dei viser fram "Body interact", som er ein digital simulator basert på spelteknologi. 

11.50-12.10: Pressa har høve til å intervjue statsråd og studentar.

Kontakt: Journalistar som ønskjer å vere til stades kan kontakte kommunikasjonsrådgjevar Hanne Roald på telefon 98 66 07 37 eller per e-post på hanne.roald@kd.dep.no