Forslag om endringar i reglane om rett til pleiepengar sendt på høyring

Regjeringa foreslår å utvide pleiepengeordninga ved å inkludere grupper som i dag ikkje er omfatta.

Dette gjeld barn som ikkje er livstruande eller svært alvorleg sjuke, men som har kontinuerleg pleiebehov og barn med varig sjukdom. Samtidig foreslår regjeringa forenklingar i regelverket.

Utvida øvre aldersgrense

Regjeringa foreslår ei utvida øvre aldersgrense på 18 år. Vidare foreslår regjeringa at pleiepengar skal gis med 100 prosent inntektskompensasjon i 260 dagar (eit år) og 66 prosent kompensasjon i 1040 dagar (fire år). I tillegg foreslår regjeringa å gjere ordninga meir fleksibel ved auke graderingsmoglegheita til 20 prosent slik at det skal bli lettare å kombinere pleieoppgåver og yrkesdeltaking.