Historisk arkiv

Forslag til nytt forvaltningsregime for oppdrett i Hardangerfjorden

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har sendt på høyring forskrift om særskilde krav til havbruksrelatert verksemd i Hardangerfjorden. Formålet med forskrifta er å betre miljøforholda i fjorden.

Fiskeri- og kystdepartementet har sendt på høyring forskrift om særskilde krav til havbruksrelatert verksemd i Hardangerfjorden. Formålet med forskrifta er å betre miljøforholda i fjorden.

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår eit regionalt biomassetak innanfor Hardangerfjorden og dei nære områda utanfor på 50 000 tonn MTB (maksimalt tillaten biomasse). Forslaga inneber at vi ”frys” situasjonen i Hardangerfjorden slik at produksjonen i oppdrettsnæringa ikkje kan auke i dette området.

-Saman med fastsetjinga av ny luseforskrift, forbetra rutinar og omfanget av koordinerte avlusingsrundar i oppdrettsnæringa, vil vi med dette regelverket ta vare på omsynet til vill laks og aure i området, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Forslaget omfattar også nye krav til brønnbåtar og krav om godkjenning frå Mattilsynet ved flytting av fisk i Hardangerfjorden.

Høyringsfristen er 18. november 2009.

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Yngve Torgersen, mob. 901 43 951