Historisk arkiv

Forslag til oppfølging av private høgskolar og fagskolar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Torsdag 12. mai legg kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram nye forslag til lovendringar for private høgskolar og fagskolar.

Forslaga er oppfølging av tilrådingane til ekspertgruppa leia av Marianne Andreassen, direktør i Lånekassen. Denne ekspertgruppa har gitt råd om korleis tilskot og eigenbetaling ved private høgskolar og fagskolar kan regulerast, og om korleis departementet betre kan følgje opp desse skolane gjennom tilsyn og kontroll.

Det vil bli høve til å intervjue kunnskapsministeren etter at han har lagt fram sine forslag, som vil bli sendt ut på høyring rett etter pressekonferansen.

Vi set pris på om redaksjonane på førehand varslar om dei vil komme.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, Oslo

Tid: Torsdag 12. mai kl. 1300

Kontaktperson: Kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, e-post: anhj@kd.dep.no, mobil: 99 21 46 10