Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Forsvarsministeren deltek på NATOs forsvarsministermøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Forsvarsdepartementet

Den 8. oktober deltek forsvarsminister Ine Eriksen Søreide på NATOs forsvarsministermøte i Brussel.

Sentrale tema for møtet vil vere den utfordrande og komplekse situasjonen i NATOs nærområde. Dette er eit viktig bakteppe for NATOs pågåande omstillingsarbeid, kor målsettinga er at beredskapen og reaksjonsemna til NATO blir styrka. Viktige tiltak er mellomanna implementeringa og gjennomføringa av NATOs Readiness Action Plan, spesielt etableringa av NATOs nye hurtigrekasjonsstyrke, med spydspissen Very High Readiness Joint Task Force. Diskusjonen om NATOs forhold til Russland vil vere eit sentralt tema. I tillegg  vil hybride og digitale truslar bli diskutert.  Møtet blir eit viktig startskot for førebuingar til neste års toppmøte, kor ein skal gjere opp status for gjennomføringa av Wales-avgjerslene og avgjere tiltak for vidare tilpassing av NATO. 

Priv til red: