Forsvarsministeren i panel på München-konferansen

Forsvarsminister Ine Eriksen Søreide deltek i panelet «Who is ready for hybrid warfare?» under den store tryggingspolitiske konferansen i München 6.-8. februar.

Tema for konferansen er Ukraina-krisa og konsekvensane for den tryggingspolitiske situasjonen i Europa, den forverra situasjonen i Midt-Østen, flyktningkrisa og kampen mot terrorisme.

Til konferansen kjem 20 statsleiarar,  rundt 60 utanriks- og forsvarsministrar, 30 leiarar frå større globale selskap og ein rekke andre frå heile verda for å drøfte tryggingspolitiske spørsmål.  Sjå utdrag av deltakarlista her. https://www.securityconference.de/en/activities/munich-security-conference/msc-2015/preview-6-to-8-february/

Den norske forsvarsministeren sitt i panelet «Who is ready for hybrid warfare» fredag 6. februar kl. 16.

For meir informasjon om programmet, sjå: https://www.securityconference.de/en/activities/munich-security-conference/msc-2015/

For informasjon til media, sjå: https://www.securityconference.de/presse/informationen-fuer-medienvertreter/

Pressekontakt for forsvarsministeren:

Politisk rådgjevar Audun Halvorsen, telefon 97162331 eller pressevakta i Forsvarsdepartementet, telefon 2309 6011.