Presseinvitasjon:

Framlegging av apoteklovutvalet si utgreiing

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 31. januar mottar helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol utgreiinga frå regjeringa sitt apoteklovutval.

Nett-tv Framlegging av apoteklovutvalet si utgreiing

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Apoteklovutvalet, valt av regjeringa Solberg, har vurdert korleis det framtidige apotekregelverket bør rettast inn. Utvalet har no ferdigstilt utgreiinga si og på tysdag skal dei overlevere innstillinga.

Utvalet sin rapport blir publisert på regjeringa.no, og blir sendt på offentleg høyring.

Tid: Tysdag 31. januar kl. 12:00 - 13:00

Stad: Marmorhallen, Kongens gate 20, Oslo

Media er velkomen til å delta og statsråden er tilgjengeleg for presse ca. kl. 12:30.

Pressekontakt for helse- og omsorgsministeren: Kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Johansen.

Utvalet har vore leia av jusprofessor Tore Bråthen. 

Strauming:
Arrangementet blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.