Fritak frå meirverdiavgift ved utdeling av mat til velgjerande føremål

Regjeringa foreslår eit fritak frå meirverdiavgift ved uttak av næringsmiddel som blir leverte vederlagsfritt til velgjerande føremål. – Fritaket vil medverke til å redusere matsvinn og gjer det billegare for bransjen å gi mat til menneske som har det vanskeleg, seier finansminister Siv Jensen.

Ulike ledd i verdikjeda har ofte brukande matvarer som likevel ikkje kan seljast. Grunnen til dette kan vere datomerking for haldbarheit eller skadd emballasje. I slike høve kan aktørane velje å gi bort eller å destruere maten.

Det skal reknast meirverdiavgift når mat blir gitt bort, medan destruksjon av matvarer eller varesvinn ikkje fører til plikt til å rekna ut meirverdiavgift. Meirverdiavgifta kan derfor føre til at bedrifter vel å destruere matvarer i staden for å gi dei bort til velgjerande føremål.

Fritaket vil gjere det gunstigare for matbransjen å gi bort matvarer. Forslaget inneber at avgiftspliktige aktørar i matbransjen ikkje skal rekne meirverdiavgift på uttak av mat- og drikkevarer som dei gir bort. Det blir stilt krav om at varene blir leverte vederlagsfritt til ein mottakar som er registrert i Einingsregisteret. Mottakaren må dele ut varene på velgjerande grunnlag.

Forslaget blei varsla i Prop. 1 LS (2015-2016) Skatter, avgifter og toll 2016 punkt 31.4 og har vore på høyring. Høyringsinstansane er positive til forslaget. Forslaget inneber ei endring i § 6-19 i meirverdiavgiftslova. Departementet vil fastsette særskilte dokumentasjonskrav for utdelinga i forskrift.