Full framdrift for Ringeriksbanen og E16 Skaret-Hønefoss: Siste traséval avklart

- Regjeringa har konkludert med at siste uavklarte trasé skal gå over Helgelandsmoen. Med denne avgjerda ligg alt til rette for å halde fram med full framdrift i planlegging og seinare bygging av E16 og Ringeriksbanen fram til Hønefoss. For folk og næringsliv blir det ein ny transportkvardag når prosjekta står ferdige, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet  går inn for å leggje Helgelandsmolinja til grunn for vidare planlegging av Ringeriksbanen og E16 på strekninga mellom Bymoen og Styggedalen i kommunane Hole og Ringerike. Med dette er traséen for heile strekninga mellom Sandvika og Hønefoss avklart.

- Dette er ei viktig avklaring for å sikre gjennomføringa av prosjektet. Nå startar arbeidet med statleg reguleringsplan, og vi vil leggje vekt på god dialog med kommunane i arbeidet framover, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Med ein avklart trasé er grunnlaget lagt for ein effektiv og føreseieleg planprosess. I det vidare arbeidet med reguleringsplanen vil det leggjast vekt på å finne relevante tiltak for å redusere skadeverknadene på natur- og landbruksverdiar, og for å redusere flaumrisikoen.

Forprosjekt som grunnlag for avgjerd om trasé 
Samferdselsdepartementet bad 30. august 2015 etatane Jernbaneverket og Statens vegvesen om å starte formell planlegging av Ringeriksbanen og E16 Skaret-Hønefoss. På grunn av dei store kultur-, landbruks- og naturverdiane i området rundt Storelva og Steinsletta blei etatane bedne om å gjennomføre eit forprosjekt for å sjå nærmare på dei tre alternative traséføringane over høvesvis Helgelandsmoen, Busund og Monserud.

Jernbaneverket og Statens vegvesen leverte 4. februar i år forprosjektrapporten. Føremålet med utgreiinga har vore å avklare om tiltak som kan minske eller kompensere for skadeverknader, kan endre rangeringa av alternativa i forhold til dei tidlegare tilrådingane frå transportetatane. Statlege etatar og lokale styresmakter har vore involvert i arbeidet. Dei faglege vurderingane frå transportetatane er mellom anna at:

  • Monserud-linja (4e) blir vurdert som den dårlegaste løysinga, både på grunn av kostnadsnivået og konsekvensane for landbruk og kulturmiljø.  
  • For Helgelandsmoen-linja (4f) er det større moglegheiter for å setje i verk tiltak som kan minske skadeverknadene for naturmangfald enn for Busund-linja.
  • Helgelandsmolinja gir lågast kostnader av dei tre alternativa.

Der er lagt opp til ei samtidig utbygging av E16 Skaret-Hønefoss og Ringeriksbanen, med ambisjon om anleggsstart i 2019 og ferdigstilling i 2024.

For fleire opplysningar – sjå:

  • Brev frå Samferdselsdepartementet av 28. april 2016 til Jernbaneverket om trasévalg på delstrekning 4
  • Film av Jernbaneverket og Statens vegvesen som viser trasé