Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Møre og Romsdal 3/2016

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om kortreist og økologisk mat frå Møre og Romsdal, på Region Vest sin stand på Internationale Grüne Woche 2017, i januar.

Kortreist og økologisk frå Møre og Romsdal på Region Vest sin stand på Internationale Grüne Woche 2017

Deltakarar frå Møre og Romsdal: Frå venstre bak: Lisa Mari Breivik Anderson, Turid Smoor, Petter Aune, Kirsti Indreeide, Anne Katrine Jensen. Frå venstre framme: Åse Torvik, Anders Øverås, Stian Røsand.
Deltakarar frå Møre og Romsdal: Frå venstre bak: Lisa Mari Breivik Anderson, Turid Smoor, Petter Aune, Kirsti Indreeide, Anne Katrine Jensen. Frå venstre framme: Åse Torvik, Anders Øverås, Stian Røsand. Foto: Siri Helle

Heile 18 bedrifter frå fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland vert å finne på ei av verdas største matmesser, Internationale Grüne Woche, i Berlin 20-29.januar 2017. Av desse er 6 bedrifter frå Møre og Romsdal.

IGW er ikkje berre sentral i det nasjonale omdømmearbeidet kring norsk mat internt og i resten av verda - men òg ei intern skolering og møteplass for lokalmatprodusentar, restaurantar og reiselivsnæring med kortreist kvalitet i sentrum. Deltaking i Berlin er òg eit signal til deltakarane at dei syner engasjement og positiv utvikling i verksemda si. 

Restaurantane tek med seg si interesse for lokal mat og gode råvarer til Berlin. Fram mot messeopning 20. januar skal produsentane, kokkane og koordinatorane hjå Fylkesmannen setje saman alle råvarene og produkta til ein smaksmeny som skal presentere FjordNorge. Produsentane står ikkje på stand berre for seg sjølv, men for Noreg, for regionen og alle dei andre produsentane som er representerte. Samarbeid og lagånd er naudsynt når over 400 000 besøkande skal mettast i løpet av 10 dagar. I år er 30. gongen Noreg er offisielt til stades på IGW, og jubileet vil sjølvsagt verte markert.

Frå Møre og Romsdal deltek desse bedriftene:

- Mosbøen Gard v/ Åse Torvik og Anders Øverås:
Produksjon av baksteverk etter gamle tradisjonar, men med moderne vri. Flatbrød med spesialitetsmerke og lefser av ulike slag.

Mætt & Go Eteri og Landhandleri og Smia Fiskerestaurant, v/ Stian Rødsand og Olav Kåre Jørgensen:
To menn, to restaurantar: Fiskemat og gamle tradisjonar, og moderne burgarar av høg kvalitet. Landhandelsvarer med mat frå nærområdet.

- Drågen Smokehouse v/Petter Aune:
Økologisk laks og aure røykt på gamlemåten med god tid, høg kvalitet og mykje smak. Laksen er etterspurt av matkjennarar i heile landet.

- Gode Greier v/ Lise Mari Breivik Anderson og Ottar Andrè Anderson:

Produksjon av saft, syltetøy og andre produkt basert på gardens frukt og bær - etter oppskrifter frå odelsjentas besteforeldre. Dei har gardsbutikk og er aktive på Bondens Marked.

- Hansgarden v/ Anne Katrine Jensen og Kenneth Høyning:
Produksjon av økologisk storfekjøt og mjølk, delvis på gamle rasar, og med fokus på dyrevelferd og god utnytting av grovfôrressursar.

Hansgarden ANS er ei familiebedrift som produserar økologisk mjølk og storfekjøt, på NRF, Melkesimmental og Jarlsbergfe. Dei har i alt 170 storfe, og 65 av desse er mjølkekyr. Dyra får gå ut og inn akkurat som dei vil heile året, og om vinteren er det ikkje uvanleg å sjå dyra ute, sjølv i snøstorm. Innendørs går dyra fritt i eit stort lausdriftfjøs primært bygd i lokalt tømmer. Hovedmålet i produksjonen er mest mogeleg saftig og godt gras, med mykje kløver. Dette kombinert med mykje beitebruk, gjer at vi på sikt skal være mest mulig sjølvforsynt med for til dyra.

Bringe av kvige frå Hansgarden i Gjemnes kommune treng knapt vere i nærleiken av steikepanna for å verte smørjemjukt. Det nydelige økologiske kjøtet vert levert i samarbeid med Nortura.
Bringe av kvige frå Hansgarden i Gjemnes kommune treng knapt vere i nærleiken av steikepanna for å verte smørjemjukt. Det nydelige økologiske kjøtet vert levert i samarbeid med Nortura. Foto: Siri Helle
Anne Katrine Jensen har og grunn til å vere fornøgd.
Anne Katrine Jensen har og grunn til å vere fornøgd. Foto: Siri Helle

Kontaktperson:
Rådgivar Kirsti Pernille Indreeide, telefon 71 25 85 75, kirsti.pernille.indreeide@fylkesmannen.no.

Vi registrerer flaskehalsar i det kommunale vegnettet

6. desember 2016 møttest kommunane Vestnes, Ørskog, Skodje og Sula på Ørskogfjellet.
6. desember 2016 møttest kommunane Vestnes, Ørskog, Skodje og Sula på Ørskogfjellet. Foto: Åsmund Asper, Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Hogsten har auka sterkt i Møre og Romsdal dei siste åra. Berre ein liten del av dei kommunale vegane er opne for tømmervogntog, men dette skal det no bli ei endring på, gjennom eit prosjekt for identifisering av flaskehalsar.

Om lag 20 % av dei kommunale vegane i Møre og Romsdal er opne for tømmervogntog, dvs vogntog med ei lengde på 19,5 m eller lengre, og maksimal vekt på minimum 50 tonn. I eit fylke som har tredobla avverkinga sidan 2010, kjem det fram tømmer på heilt nye plassar, og vegar, som ikkje tidelegare er nytta til tungtransport, blir no brukte.

Mange kommunale vegar held kravet for tunge vogntog, men er ikkje skrivne opp i veglista. Der det finns flaskehalsar for tømmertransporten, vil det gjennom prosjektet verte rapportert plassar der utbetring trengs. Samstundes håpar vi at kommunane skriv opp vegstrekkningar, som i veglista står med for lav bruksklasse, men er utan flaskehalsar, slik at tømmerbilane kan køyre fulle lass.

Møre og Romsdal skognæringsforum, Statens vegvesen og Fylkesmannen i Møre og Romsdal er samen om prosjektet, og Jan Olsen frå Skogbrukets kursinstitutt er leigd inn som prosjektansvarleg. Prosjektet er utforma som 6 møte over heile fylket, der skogansvarleg og ansvarleg for veglista i kvar kommune, saman med tillitsvalde og aktørar i skogorganisasjonane er inviterte. Møta tek føre seg dagens situasjon, kva for utstyr og krav tømmertransporten har, samt at vegvesenet held ei solid innføring i bruk av veglista, og korleis Vegvesenet meiner lista skal brukast. Møteserien starta sør i fylket. 4 av 6 er no gjennomførte. Dei to siste blir på Nordmøre  i slutten av januar 2017.

Skal vi klare å halde aktiviteten på dagens nivå, eller auke i åra som kjem, er det ein vesentleg føresetnad at dei vegane som held kravet, men ikkje er opne, blir opna for tømmervogntog. Ansvaret for at vegane ikkje verte øydelagde ligg på alle aktørar, frå vegeigar til tømmerkjøpar og transportør. Vegvesenet i Møre og Romsdal er veldig godt nøgde med samspelet med skognæringa. Så håpar vi at aktørane og kommunane gjennom prosjektet lærer kvarandre betre å kjenne, og finn dei enklaste og billegaste løysingane. Løysingane kjem attende som auka skatteintektar, aktivitet i kvar ein krok, og kanskje best av alt; tryggleik for eit tømmervolum, som gjer det aktuelt for tømmerindustrien å satse i vår region.

Kontaktperson
Fylkesskogmeister Åsmund Asper, Telefon 71 25 84 07, 
Asmund.asper@fylkesmannen.no

Fleire nyetableringar i Møre og Romsdal

Underteikning av ny hoppid.no-avtale i Norddal kommune i desember. Frå venstre leiar av hoppid.no May-Britt Roald, assisterande landbruksdirektør Ottar Longva, dagleg leiar i Ungt entreprenørskap Sissel Tegelsrud Kolstad og ordførar i Norddal, Arne Sandnes.
Underteikning av ny hoppid.no-avtale i Norddal kommune i desember. Frå venstre leiar av hoppid.no May-Britt Roald, assisterande landbruksdirektør Ottar Longva, dagleg leiar i Ungt entreprenørskap Sissel Tegelsrud Kolstad og ordførar i Norddal, Arne Sandnes. Foto: Terese Jemtegård

Nyetableringane i Møre og Romsdal aukar samanlikna med landssnittet. – Dette tyder på at satsinga vår på gründerar verkar, seier leiar for hoppid.no, May-Britt Roald. Mange av dei som kontaktar eit hoppid.no-kontor ønskjer å starte med ny næringsverksemd på gardsbruk.

Møre og Romsdal opplever stor auke i nyetableringar: I 2015 vart det registrert 2142 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er 221 fleire nyetableringar enn året før, ein auke på 11,5 prosent. I landet elles gjekk talet på nyetableringar opp med om lag 6,1 prosent. Berre Finnmark og Vest-Agder har større prosentvis auke enn Møre og Romsdal.

Gjennom ti år er det bygd ein infrastruktur der målet er å gje etablerarane eit varig styrka tilbod, som skal gjere det lettare å vere gründer i Møre og Romsdal. Hoppid.no vart starta i 2006, som eit samarbeid mellom fylkeskommunen, fylkesmannen, Innovasjon Norge og kommunane.

Hoppid.no er eit program som skal legge til rette for fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal. Her vert det tilbydd kompetent og uavhengig etablerarhjelp, tilgjengeleg for alle, i heile fylket. Programmet inneheld både grunnleggande rettleiing for nyetablerarar, kompetanseheving, nettverk og økonomiske verkemiddel. Nesten alle kommunane i fylket har hoppid.no-kontor.

No skriv hoppid.no i Møre og Romsdal nye fireårige avtalar med kommunane i fylket. Gjennom avtalane forpliktar partnarskapen seg til å arbeide målretta for å hjelpe fram fleire gründerar..  Kommunane si oppgåve er å bemanne og drifte førstelinjetenesta, det lokale hoppid.no-kontoret. Dei tilsette er sertifiserte rådgivarar. Fylkesmannen er ein aktiv partnar i hoppid.no-samarbeidet.

Hoppid.no omfattar eit heilskapleg arbeid – frå mobilisering på skulane og i lokalsamfunna, til tenester for internasjonale vekstbedrifter. Dette er ei utfordrande oppgåve. 

Kontaktperson:
Seniorrådgiver Synnøve Valle, Fylkesmannen i Møre og Romsdal,
telefon 71 25 84 28/911 83 866, fmmrsyva@fylkesmannen.no.

Rådgjevar May Britt Roald, Møre og Romsdal fylkeskommune,
telefon 71 25 80 53/466 96 382, may.britt.roald@mrfylke.no.

Dette er eit genialt tilskot

Spreiing av husdyrgjødsel tidleg i vekstsesongen gir mellom anna betre utnytting av gjødsla og mindre utslepp, og bruk av tilførselsslangar gir mindre jordpakking og køyreskader.
Spreiing av husdyrgjødsel tidleg i vekstsesongen gir mellom anna betre utnytting av gjødsla og mindre utslepp, og bruk av tilførselsslangar gir mindre jordpakking og køyreskader. Foto: Arnold Hoddevik

«Dette er vel anvendte penger, og vi har opplevd en snuing i bygda. Bønder kjører ut gjødsla tidligere, og utnytter veksesongen mye bedre enn før». «Jeg mener ordninga gir en langt større positiv effekt enn det pengebruken skulle tilsi.»

Dette er sitat frå evalueringa av tiltaket Spreiing i vår/vekstsesongen innan miljøtemaet «Utslepp til luft» i miljøprogrammet for Møre og Romsdal. Fylkesmannen engasjerte NORSØK, i samarbeid med Møre og Romsdal Bondelag, til å evaluere tiltaket i løpet av 2016. Det har blitt langt mindre spreiing om hausten, og mange har endra gjødslingspraksis.

Landbruksforvaltninga si oppfatning

Alle landbrukskontora hadde ei oppfatning av at tiltaket er positivt og effektfullt, og trekte særleg fram:

  • Auka fokus på begrensa lagerkapasitet
  • Auka fokus på gjødselkøyring
  • Betydeleg mindre spreiing om hausten
  • Bøndene legg større innsats i å finne gode løysingar for å få spreidd gjødsla tidlegare enn før, og fleire har gått over til slangespreiing

Bønder si oppfatning

Bøndene viste også ei positiv oppfatning av tiltaket. Litt over ein tredjepart hadde blitt meir bevisst på å spreie gjødsle tidlegare, og litt under ein tredjedel hadde gjort investeringar, slik at dei kunne søkje om tilskot til tiltaket. Tiltak i denne kategorien var:

  • Investert i ny kum
  • Leige/låne lagerkapasitet i tome driftsbygningar
  • Investert i utstyr som tømer kjellaren betre, og dermed gir større lagerkapasitet

Gjødselspreiinga må vere avslutta seinast 10. august, og dette punktet var noko av det som engasjerte mest i undersøkinga. Manglande lagerkapasitet avgrensar talet på søkjarar.

NOSØK gjorde evalueringa ved å gjennomførte spørjeundersøking i fem kommunar i fylket. Saksbehandlarar i landbruksforvaltninga og 10 bønder i kvar kommune vart intervjua, enten i besøk eller telefonsamtale.  Spørsmåla vart stilte både til bønder som søkte om tilskot og nokre som ikkje søkte om tilskot til dette tiltaket. Føretaka hadde forskjellige husdyrproduksjonar. 

Kontaktperson:
Rådgjevar Arnold Hoddevik, 71 25 85 77/911 79 866, arnold.hoddevik@fylkesmannen.no.

Vi ryddar utsikt!

Kratt stenger for utsikt til kulturlandskapet.
Kratt stenger for utsikt til kulturlandskapet. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal

I Møre og Romsdal vart det i 2016 stor interesse for å sette i gang med rydding av utsikt til kulturlandskapet og andre landskap.

I statsbudsjettet for 2016 vart det løyvd 20 mill. kroner til ei heilt ny ordning, som vart kalla Utsiktsrydding i landbrukets kulturlandskap. Møre og Romsdal fekk tildelt 5 millionar av denne summen, og Sogn og Fjordane og Hordaland fekk tilsvarande summar. Føremålet med ordninga er å rydde bort kantvegetasjon langs ferdselsårer, slik at det vakre kulturlandskapet i landbruket blir synleg for dei reisande.

I Møre og Romsdal lyste vi ut ordninga med søknadsfrist 20. september 2016. Dette var tydeleg lagt merke til, for vi fekk inn heile 44 søknader på kort tid, med eit samla kostnadsoverslag på nesten 12 millionar kroner. Vi fekk inn søknader både frå enkeltpersonar med motorsag, og frå store, profesjonelle skogentreprenørar. Særleg morosamt er det å sjå at denne ordninga viser seg å vere aktuell både som arbeidstrening og som integreringstiltak.

Nesten alle søknadene vi fekk inn skisserte tiltak som ville opne for utsikt frå ferdselsårer, der mange fine utsiktspunkt og flotte strekningar var planlagt rydda. Men ikkje alle tiltaka ville få fram utsikt til jordbruket sitt kulturlandskap, som var hovudmålet for denne ordninga. Nokre av søkjarane ønskte å rydde fram utsikta til spektakulære fjell og fjordar, som vi har så mykje av i Møre og Romsdal, og som mange stader har blitt borte bak krattskogen. Desse søknaden kunne vi diverre ikkje løyve tilskot til etter denne ordninga, og dermed var det berre 34 av dei 44 søknadene som kunne få tilskot i første omgang.

Ei ferdselsåre kan vere både ei turløype og ein europaveg, og heile spekteret av ferdselsårer er representert i søknadsbunken. Nasjonal Turistveg frå Trollstigen til Geiranger er ei prioritert vegstrekning, og der har vi løyvd tilskot til rydding fleire stader.

Det blir spanande å sjå resultatet, når det har gått eit år eller to. Dette er ein type tiltak som gjev svært synlege resultat svært fort. Det er såleis ei positiv ordning å setje ut i livet.

Kontaktperson:
Seniorrådgivar Magna Torvund Bergem, Telefon 71 25 85 74, magna.bergem@fylkesmannen.no.

Landbruket som arena for integrering

Landbruksdirektør Frank Madsøy, rådgjevar Fiffi Ndirira Namugunga, IMDi, rådgjevar Aud Lindset Drågen og seniorrådgjevar Sverre Veiset frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Landbruksdirektør Frank Madsøy, rådgjevar Fiffi Ndirira Namugunga, IMDi, rådgjevar Aud Lindset Drågen og seniorrådgjevar Sverre Veiset frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Foto: Odd Løset/Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerte 08.12.2016 fagdag med tittelen  «Landbruket som integreringsarena». Hovudmålgruppe var kommunane og Inn på tunet bøndene i Møre og Romsdal.

I Møre og Romsdal har kommunane busett nær 900 flyktningar i 2016. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sidan april 2016 hatt ein eigen ressurs som flyktningekoordinator ved embetet.  Fagdagen var eit resultat av samhandling mellom flyktingekoordinatoren i embetet og Landbruksavdelinga.  Målet var å dele gode erfaringar frå ulike tiltak for styrking av integreringa i kommunane. Vona er at dagen ga dei tilsette i kommunane gode idear til å ta meg seg heim i dagleg arbeid med flyktningar.

På arrangementet møtte om lag 50 personar. Dei fleste var frå kommunal flyktningeteneste. Det deltok og fleire ordførar, mange Inn på tunet bønder og representantar frå Inn på tunet nettverk.

Frå IMDI møtte rådgivar Fiffi Namugunga, og hadde innlegget «Frå mottak til arbeidsliv – ein effektiv integreringspolitikk.» Flyktningekoordinator Sverre Veiset og rådgivar Aud Lindset Drågen gjorde greie for Fylkesmannen si rolle og virkemidlar på området.

Tre ulike Inn på tunet bønder fortalte om korleis dei driv tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk med flyktningar som deltakarar i tilboda. Tema var sommarskule på garden, etablerarrettleiing på gard og integrering gjennom språkutvikling, arbeidstrening og skule på garden.

Inn på tunet bøndene var Helga Bele og Solveig Haglund frå Surnadal og Aina Tangen frå Midsund kommune.

Prosjektleiar Bjørn Einar Rakstand frå Skogbrukets Kursinstitutt orienterte om sine erfaringar med å gje «Grøn kompetanse» til flyktningar. Språk, næring og yrkeskvalifisering var stikkorda her.

Endeleg fekk forsamlinga ei flott orientering frå ordførar i Surnadal, Lilly Gunn Nyheim, som delte sine erfaringar om korleis Surnadal kommune arbeider som mangfoldig integreringsaktør.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil gjennom bruken av prosjektskjønsmidlar følgje opp saka. Eit av satsingsområda for 2017 blir integrering av flyktningar, og der vil landbruket vere ein tydeleg arena.

Kontaktperson:
Rådgivar Aud Lindset Drågen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, landbruksavdelinga, Tlf. 71 25 85 73/908 65 459, aud.lindset.draagen@fylkesmannen.no.

Må prioritere vedlikehold av kartet

Oppdaterte kart er viktig for både landbruksnæring og forvaltning.
Oppdaterte kart er viktig for både landbruksnæring og forvaltning. Foto: NIBIO

Kommunane spelar ei nøkkelrolle i vedlikehald av kart, og korrekte kart er svært viktig. Oversikt over innsende vedlikehald har synleggjort behov for at arbeidet blir prioritert høgare.

Kart som viser arealtilstanden (arealressurskart, AR5) har sidan 2013 blitt brukt til utmåling av arealbaserte tilskot gjennom regionale miljøprogram, og frå 2018 blir også arealbaserte produksjonstilskot utmålte etter kartet. Då vil kvaliteten på kartet virke direkte inn på kor mykje kvart enkelt føretak kan få utbetalt i areal- og kulturlandskapstilskot.

Forvaltningskontrollar i kommunane har i 2015 og 16 vist at fleire kommunar manglar samordna rutinar for å få digitalisert og sendt inn registrerte endringar i gardskartet. I fleire tilfelle er det manglande kapasitet i å få digitalisert dei registrerte endringane kvart år.

Fylkesmannen har gjennomført fleire tiltak for å understreke kor viktig arbeidet med kart er. Gardskart har vore tema under fagsamlingar for kommunane. Kvar haust arrangerer Fylkesmannen ei forvaltningssamling over to dagar, der ulike sider ved forvaltning av virkemidlar innan landbruk er tema. Hausten 2016 var mesteparten av programmet via til vedlikehald av gardskart og samanhengen mellom kart, landbruksregister og fagsystem for forvaltning av tilskot.

Vi hadde innleiarar frå både Fylkesmannen, Landbruksdirektoratet og NIBIO, og desse vart knytte saman til eit heilskapleg innblikk i korleis og kvifor kommunane må arbeide meir med vedlikehald av gardskart.

Frå 2018 vil arealbaserte produksjonstilskot bli utrekna på grunnlag av at søkjarane sjølve teiknar inn i kartet dei areala dei disponerer kvart år. I kartet vert arealet utrekna etter kvart som søkjarane teiknar inn områda dei driv. Kommunen kontrollerer og godkjenner dette, og tilskotet blir utrekna.

Kontaktperson:
Rådgjevar Arnold Hoddevik, 71 25 85 77, arnold.hoddevik@fylkesmannen.no